OBS! Kravkoder og karaktersnitt er fra opptaket i 2025 og kan derfor skille seg fra kravene i årets opptak.

Fakta

Sted:
Tromsø
Studietype:
Bachelor, 3 år
Studieform: Undervisning ved lærestedet
Studietempo: Heltid
Pris:

0

Studiepoeng:
180
Søknadsfrist: 15. april
Opptakskrav: GENS
Poenggrenser 2025:
  • Alle (primær)
  • Alle (ordinær)
Studieplasser: 20
Nettbasert: Nei
Samlingsbasert: Nei
Deltid: Nei
Søknadskode (SO): 186481

Informasjon er oppdatert av UiT Norges arktiske universitet

.

Om studiet

Historie er vitskapen om endring. I fortida ligg kunnskap om notida og om ein forstår fortida, kan ein også forstå notida. Endring kan skje i løpet av berre nokre dagar, medan noko er uforanderleg gjennom fleire hundre år. Kva skapar endring? Kva rolle har enkeltmennesket, samfunnet og strukturane for historia? Ved UiT har vi fokus på historie frå mellomalderen til i dag med vekt på norsk, samisk og internasjonal historie. Frå historia til lokalsamfunn til store europeiske verdsimperium, revolusjonar og reformasjon, enkeltskjebnar og store forteljingar - dette får du eit innblikk i gjennom studiet.

Studiet gjev brei kunnskap i norsk, samisk og internasjonal historie frå rundt år 1000 og fram til i dag. I tillegg gjev programmet grundig innføring i historievitskapleg teori, metode, kjeldebruk og forskingstradisjon.

Den realhistoriske tematikken spenner frå lange tidsliner, store område og kompliserte prosessar til avgrensa studiar av det lokale og særeigne i ein kortare tidsperiode. Gjennom studiar av historia til lokalsamfunn, store verdsimperium, revolusjonar og reformasjon, enkeltmenneske og enkeltskjebnar får studentane kunnskap om kva for metodar og teoriar ein bruker for å tileigne seg kunnskap om og til å tolke fortida. Studentane lærar seg å sjå samanhengar og ulikskap og til å reflektere over menneska sine handlingar i samfunnet, og konsekvensane av desse på kort og lang sikt. Studiet gjev innsikt i korleis historisk kunnskap blir etablert, kva som særmerker historievitskapleg forsking og formidling og kva for rolle historievitskapen har i samfunnet.

Studiet er eit heiltidsstudium på 180 studiepoeng der studentane minimum tar 100 studiepoeng med historieemne (HIS-emne). Av dei 180 studiepoenga er 60 studiepoenga valfrie emnepakkar eller utenlandsopphald. I tillegg kjem dei obligatoriske emna Examen philosophicum (10 studiepoeng) og mikroemne på til saman 10 studiepoeng.

Dei anbefalte emnepakkane for bachelor i historie gir deg moglegheita til å utforske ulike perspektiv på fortida og styrkje kompetansen din for vidare studiar og arbeidsliv. Du kan fordjupe deg i Russlandstudium for å forstå vår nabo i nord, eller i nordisk språk og litteratur for å oppnå undervisningskompetanse og kunnskap om kulturformidling. Politisk teori, sosiologi og norsk og europeisk politikk gir innsikt i samfunnsendringar, makt og styring, medan arkeologi og kulturarv gir ein praktisk tilnærming til historisk forsking og bevaring. Religion og urfolk gir ei djupare forståing av samisk religionshistorie og forholdet mellom natur og kultur, medan kunsthistorie og etnografi opnar for nye måtar å tolke kultur og samfunn på. Desse pakkane er nøye utvalde for å gi deg ei brei og relevant kompetanse, anten du ønskjer å jobbe innan forsking, undervisning, kultursektoren eller offentleg forvaltning.

Undervisninga går som hovudregel gjennom heile semesteret, det vil seie at ein får undervisning i fleire emne parallelt. Storparten av undervisninga er på campus i Tromsø, men nokre emne har berre nettbasert undervisning.

Opptaksinformasjon

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådd forkunnskap for realkompetanse er norsk, engelsk og samfunnsfag frå vidaregåande skule og 5 års relevant yrkeserfaring.

Talet på studieplassar

20

Poenggrenser

Poenggrenser for opptak hausten 2025:

  • Ordinær kvote: alle kvalifiserte
  • Førstegangsvitnemålskvote: alle kvalifiserte

Karrieremuligheter

Studiet gjev kompetanse som er relevant for arbeid i fleire bransjar og sektorar: offentleg administrasjon og forvaltning, museum og arkiv, internasjonalt arbeid, forlag/media, journalistikk, reiseliv og forsking.

Med ein bachelor i historie er det også mogleg å kvalifisere seg til stilling som bibliotekar. Føresetnaden er at ein i tillegg tar eit biblioteksfagleg årsstudium (til dømes ved UiT).

Utveksling

Det er lagt til rette for studieopphald ved eit utanlandsk universitet i tredje og/eller fjerde semester.

Før studieopphald i utlandet må 60 studiepoeng i bachelorprogrammet i historie ved UiT vere bestått. Studieprogrammet i historie har utvekslingsavtalar med fleire utanlandske universitet. I tillegg er instituttet også partnar i Nordplus-nettverket, det opnar for å studere ved mange universitet i Norden. Studentane kan også gjere seg nytte av andre avtalar med universitet verda rundt.

Studieopphald i utlandet må vere godkjent på førehand som del av studentens utdanningsplan, og det krevst at ein studerer historie eller andre relevante emne. Før utreise må studenten ha ei førehandsgodkjenning, det vil seie at faglærar hjelper studenten med å velje emne som skal godkjennast som del av studiet. Studenten søkjer om endeleg godkjenning ved UiT med dokumentasjon på bestått eksamen i dei tilrådde emna i utlandet. For oppdatert oversikt over kva for universitet studieprogrammet i historie har avtale med, sjå UiTs si nettside om studentutveksling, eller ta kontakt med internasjonal koordinator.

Kvalifikasjon/tittel

BACHELOR I HISTORIE

Alle utdanninger innen