Fakta
Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen
2. august 2023.
Om studiet
I 2014 blei det oppretta eit toårig masterprogram i rettsvitskap for studentar som har fullført ein bachelorgrad i rettsvitskap eller juss frå Høgskolen i Innlandet (tidligere Høgskolen i Lillehammer), Universitetet i Agder eller Universitetet i Stavanger, totalt 180 studiepoeng. Få utdanningar fører fram til jobb i så mange ulike bransjar som juristutdanninga. Vi finn juristar overalt i arbeidslivet og det vil alltid vere stor etterspurnad etter dei med juridisk utdanning. Medan fleire juristar går inn i næringslivet, f.eks. innan bank, forsikring, varehandel, industri eller skipsfart, jobbar andre innanfor offentleg forvalting som i NAV, Skatteetaten og Konkurransetilsynet. Departementa og politiet/påtalemakta er populære og viktige arbeidsgivarar for juristar. Andre aktuelle arbeidsplassar er mediebransjen og organisasjonslivet. Ein kan dessutan arbeide med forsking og undervisning ved universitet og høgskolar. Ein kan også bli dommar eller gå inn i advokatyrket. Det er berre juristar (advokatar) som har løyve til å drive profesjonell rettshjelp og føre saker for domstolane. For å få tittelen advokat og løyve til å arbeide som advokat, må ein ta eit obligatorisk advokatkurs. Ein må også ha to års godkjend juridisk praksis, vanlegvis som advokatfullmektig, dommarfullmektig eller politifullmektig.
Toårig master
Masterprogrammet i rettsvitskap passar for deg som vil bli jurist. For å bli tatt opp til Masterprogrammet i rettsvitenskap må du ha bestått bachelorgrad i rettsvitskap eller juss frå Høgskolen i Innlandet, Universitetet i Agder eller Universitetet i Stavanger.
Som masterstudent ved Det juridiske fakultet vil du få kontakt med leiande fagmiljø innan strafferett, rettargang og formuerett.
Du får tett oppfølging og rettleiing av engasjerte undervisarar. Digitalisering har høg prioritet ved fakultetet, og alle førelesingar blir lagt ut på nettet.
I den siste delen av masterstudiet skal du skrive ei masteroppgåve. Her kan du spesialisere deg innan faglege spørsmål som du er opptatt av. Du kan óg søke om å skrive masteroppgåve innanfor eit av forskingsprosjekta ved fakultetet.
Juristar med mastergrad i rettsvitskap er etterspurte. Dei fleste som fullfører ei utdanning ved Det juridiske fakultet får relevant jobb kort tid etter at dei avslutta studia.
Med ein mastergrad i rettsvitskap frå UiB står mange ulike karrierevegar opne for deg, og du kan jobbe både i privat og offentleg sektor. Etter masterstudiet kan du søke på forskarutdanninga ved Det juridiske fakultet.
Oppbygging
Mastergradsstudiet i rettsvitskap er eit toårig fulltidsstudium, som startar i august.
Det første studieåret består av obligatoriske emner. På andre året kan du velje emne etter eigne interesser.
Dei fleste skriv masteroppgåve på 30 studiepoeng i eitt semester. Det er mogleg å søkje om å skrive masteroppgåve på 60 studiepoeng over eitt år, eller søkje opptak til Forskarlina som er på 70 studiepoeng.
På dette studiet reiser nesten halvparten av studentane på utveksling. Du kan utveksle nærast kvar som helst i Norden og resten av Europa, i tillegg til særs gode universitet i til dømes Kina, India, New Zealand, Australia, USA og Canada. Det er innhaldet på 2. studieår, altså spesialemna og eventuelt masteroppgåva, som kan takast i utlandet, og du har stor valfridom når du skal velje kvar du vil reise og kva juridiske emne du vil studere.
Studiekvardag
Undervisninga er på norsk og engelsk, og skjer gjennom forelesingar, seminargrupper, masteroppgåve og sjølvstudium. Forelesningane og seminara er ikkje obligatoriske å delta på, men vi tilrår at du deltar aktivt i desse.
Normalt vil du bruke mellom fire og åtte timar i veka på undervisingsaktivitetar.
Du skal skrive ei masteroppgåve basert på ei juridisk problemstilling. Du vel sjølv kva tema du vil skrive om. På fakultetet har vi 17 ulike faggrupper, og du kan knytte deg til den gruppa som ligg nærast di interesse. Fakultetet tildeler deg ein rettleiar som har god kjennskap til temaet du vil skrive om.
Fakultetet er samla på Dragefjellet. Dette er ein ærverdig og moderne studiestad midt i Bergen sentrum. På Dragefjellet finn du forelesingssalar, grupperom, lesesalar, bibliotek, studentbar og kantina med byens flottaste utsikt. Som jusstudent på Dragefjellet er du midt i smørauget av studentbyen Bergen.