Fakta
- 51.10 (primær)
- 53.10 (ordinær)
Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen
19. november 2025.


Om studiet
Dette studiet gir deg ei grundig innføring i samfunnsøkonomi, korleis økonomien i samfunnet fungerer, både på små og store nivå. Du lærer mykje teori, men også korleis du kan bruke det i praksis gjennom oppgåveløysing, undervisning og skriftlege innleveringar. Målet er at du skal bli god til å tenkje analytisk, bruke metodar riktig og jobbe sjølvstendig med økonomiske problemstillingar.
Studiet har ei klassisk klasseoppbygging, som betyr at du følgjer undervisninga saman med ei fast klasse. Det er felles gruppetimar og undervisningsaktivitetar, så du blir godt kjent med både faga og medstudentane dine.
Profesjonsstudiet er meir spesialisert enn vanlege bachelor- og masterprogram i samfunnsøkonomi. Her får du ekstra mykje trening i metodefag som matematikk og statistikk. Du følgjer eit fastlagt studieløp med felles fag i starten og vidare spesialisering etter kvart. Dei obligatoriske faga gir deg ei solid grunnopplæring i mikroøkonomi, makroøkonomi og metodefag.