Fakta
Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen
31. januar 2023.
Om studiet
Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), deltid, er eit studium for deg som har utdanning frå universitet og/eller høgskule, og som vil utdanna deg til å bli lærar. PPU går over to studieår, med halv progresjon og kvalifiserer deg til å undervise i ungdomsskule og vidaregåande skule. Ved å ta PPU lærer du å planlegge, tilrettelegge, gjennomføre og vurdere undervising. Studiet gir deg teoretisk kompetanse og kunnskap om læring og praktiske, pedagogiske erfaringar og evner.
Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) er eit yrkesretta, praksisbasert studium. Studiet er for søkjarar som har utdanning frå universitet og/eller høgskule, og som vil utdanne seg til å bli lærar. I studiet inngår pedagogikk, fagdidaktikk i matematikk og naturfag og praksis. Studentane er til vanleg i praksis både i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen.
PPU skal utdanne lærarar som kan leggje til rette for, planleggje, gjennomføre og vurdere undervisning og læringsfremjande aktivitetar med utgangspunkt i forskings- og erfaringsbasert kunnskap. Eit anna viktig mål er at studentane får eit fundament for si faglege og profesjonelle utvikling, basert på teoretisk og metodisk innsikt så vel som evne til kritisk refleksjon kring fag, undervisning og læring. Studiet skal vidare kvalifisere studentane til å utvikle skulen som institusjon for læring og danning i eit demokratisk og fleirkulturelt samfunn.
Praksisopplæringa er læringsarena, forskingsområde og utprøvingsfelt for både pedagogikk og fagdidaktikk i matematikk og naturfag, og må sjåast som ein integrert del av studiet. Eit viktig mål er å aktivere studentane si teoretiske innsikt i praksis, samt å forstå erfaringar frå praksis i lys av teori.
Pedagogikk
Pedagogikk er vitskapen om læring, undervisning og oppseding. Når pedagogikk inngår som eit profesjonsfag i
lærarutdanninga er ein blant anna opptatt av:
• korleis lærarar kan leggje til rette for utvikling, læring, motivasjon og meistring hjå individ og grupper av elevar.
• korleis ulike syn på læring, undervisning og oppseding er påverka av filosofiske og utdanningsteoretiske retningar.
• korleis lærarar forstår og utøver sitt mandat og etiske ansvar ovanfor elevar, kollegaer, foreldre, skule og samfunn.
• korleis lærarar utviklar ein profesjonsidentitet både individuelt og som gruppe.
• korleis prosessar på system, gruppe og individnivå påverkar og vidareutviklar skulen som institusjon for læring og
danning.
Matematikk og naturfagsdidaktikk
Matematikk- og naturfagsdidaktikk omfattar særleg utvikling, prøving og revisjon av undervisningsløp som kan støtte ønska
faglege læringsprosessar. Meir konkret omfattar matematikk- og naturfagsdidaktikk:
• analyse av aktivitetar og tenkjemåtar i faga
• utvikling av lokale teoriar, for eksempel problemløysing og metodar for verifikasjon.
• utforsking av metodar som kan nyttast til formidling av ulikt fagleg stoff.
• kritisk vurdering av utvalt fagleg stoff i relasjon til undervisninga sitt overordna mål.
• forsking på føresetnader for læring og på undervisnings- og læreprosessar.
• utvikling og evaluering av konkrete undervisingsløp, ulike typar undervisingsløp og læreplanar.
• utvikling av metodar for planlegging, gjennomføring, observasjon og analyse av undervisingsleksjonar.
• kunnskap og forståing for historia til matematikk- og naturfagdidaktikken.