Nøkkelinformasjon

Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen

Studiested

Universitetet i Bergen

Nivå

Årsstudium

Studiepoeng

60

Studietempo

Heltid

Om studiet

PPU er et studium som gir deg formell lærerkompetanse for grunnskole, videregående skole og kulturskole. Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) i utøvende musikk eller komposisjon og PPU for kunstnere og designere kan taes på fulltid, over ett år, eller som deltidsstudium over to år. Studiet bygger på bachelorgrad i skapende kunst og design, eller i utøvende musikk eller komposisjon. Det er to utdanningsløp for PPU-KMD, ett løp for kunst og design og ett for musikk, med felles undervisning i pedagogikk.

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved Fakultet for kunst, musikk og design er eit årsstudium som gir formell undervisningskompetanse i faga (a) kunst, design eller (b) musikk. Studiet bygger på fullført BA i utøvande og skapande musikk eller skapande kunst/design.

Utdanninga vert tilbydd både som fulltidsstudium i eit år og deltidsstudium over to år. PPU ved KMD byggjer på Forskrift til rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning (fastsett 21.12.2015) og Nasjonale retningslinjer for PPU-A (fastsatt 16.2.2017).

Praktisk-pedagogisk utdanning kvalifiserer for undervisningsarbeid i grunnskule, vidaregåande opplæring og kulturskule. I tillegg kvalifiserer utdanninga for undervisning og formidling på andre relevante og aktuelle læringsarenaer.

Utdanninga omfattar emna pedagogikk, fagdidaktikk og praksis. Pedagogikkemnet er felles. Innanfor fagdidaktikk må studentane velje enten musikkdidaktikk eller kunst- og designdidaktikk. Praksis kan gjennomførast i samanhengande periodar i grunnskulen sitt 5-10 trinn, den vidaregåande skulen, kulturskulen og på andre relevante praksisarenaer.

Undervisninga er fagleg forankra i dei samansette arbeids- og kunnskapsformene som kunstnarar, musikarar og designarar praktiserer.

Fagdidaktikk handlar her om alle tilhøve som vedkjem undervisning og læring i utøvande/skapande musikk eller kunst og design. Fagdidaktikkemna gir grunnlag for å planlegge, gjennomføre, vurdere og reflektere kring undervisninga; tufta på forsking, kunstfagleg utviklingsarbeid, erfaringskunnskap og teori.

Didaktisk kompetanse inneber kunnskapar og ferdigheiter i det å planlegge, gjennomføre og vurdere opplæring. Dette føreset mellom anna evne til å analysere og reflektere omkring mål for opplæringa, innhald i læreplanar, elevføresetnader, vurdering og rammene for undervisninga.

Pedagogikk handlar om korleis vi lærer og utviklar oss i samspel med kultur og samfunn. Kjernen i faget er læring, undervisning og danning. Pedagogikkemna gir forståing for eleven, lærarrolla og skulen sitt samfunnsmandat og dannar grunnlaget for utviklinga av eigen læraridentitet.

Undervisninga i PPU skal vere profesjonsretta, forskings- og utviklingsbasert og engasjere studenten i vitskapelege og kunstfaglege arbeidsformer og i kritisk tenking.

Studentane har minimum 60 dagar praksis. Sjå emneplan for praksisemna.

Karrieremuligheter

Praktisk-pedagogisk utdanning kvalifiserer for arbeid i grunnskule, vidaregåande opplæring, kulturskule og andre relevante praksisarenaer.

Etter fullført utdanning kan kandidatane arbeide med elevgrupper innanfor eit stort aldersspenn med eit vidt spekter av evner, interesser, og sosial og kulturell bakgrunn.

Som lærarar har dei innsikt i elevane sitt oppvekstmiljø og livssituasjon, og kan tilpasse opplæringa til den einskilde elev.

Dei kan samarbeide med kollegaer, føresette, institusjonar og organisasjonar, og medverke til allsidige lærings- og oppvekstmiljø.

Kvalifikasjon/tittel

Praktisk-pedagogisk utdanning i kunst, musikk og design

Alle utdanninger innen