Nøkkelinformasjon

Lærestedets logo
Lærestedets logo

Studiested

Universitetet i Bergen

Studiepoeng

10

Semester

1

Studieform

Undervisning ved lærestedet

Studietempo

Deltid

Søknadsfrist

1. september

Om studiet

Kurset gir ei innføring og fordjuping i nyare kritisk planleggingsteori. Det vert lagt særleg vekt på å få fram kva respons lokal og regional samfunnsplanlegging møter og kan møte den global flyten av idear, kapital og menneske med. Ei sentral problemstilling i kurset er kva det vil seie å planlegge innanfor romleg kompleksitet. Kurset vektlegg såleis korleis ulike geografiske nivå spelar inn i lokale og regionale planleggingsprosessar.

Det blir lagt særleg vekt på korleis new public management og nyliberalistiske styringssystem samspelar med politiske og ideologiske tilhøve, det økonomiske, det sosiale og materielle tilhøve. I undervisinga blir det lagt vekt på å eksemplifisere og å diskutere ulike praktiske og teoretiske tilnærmingar innan planlegging i lys av kontekstuelle føresetnader.

Kurset rettar seg mot deg som arbeider med eller ønsker å arbeide med samfunnsplanlegging på lokalt, regionalt, nasjonalt eller globalt nivå. Undervising blir gitt som forelesningar, seminar og feltstudiar.