Fakta
Informasjon oppdatert
14. mars 2022.
Om studiet
Kurset Nordisk: Språkhistorie og talemål har som mål å gi studentane eit felles utgangspunkt for studiet av norsk som eit resultat av historisk utvikling og geografisk og sosial variasjon i moderne norsk. Norsk skal òg studerast i samanlikning med dei andre nordiske språka (dansk, færøysk, islandsk, norsk og svensk). Kurset skal og fremje studentane sine skriveferdigheiter i nynorsk.
Emnet har fire hovudtema:
- norsk språkhistorie frå norrønt språk til moderne talemål
- norsk fonologi (lydsystem) med viktige regionale varietetar
- geografisk og sosial talemålsvariasjon med talemålsgrammatikk og -fonologi
- andre nordiske språk, særleg dansk og svensk
Du kan ta Nordisk: Språkhistorie og talemål som eit frittståande emne for å styrke kompetansen din i språkhistorie og talemål, eller som eitt av dei fire emna som til saman utgjer det toårige deltidsstudiet i nordisk språk og litteratur - Fjernord.
Viss du tek alle fire kursa som inngår i Fjernord, får du 60 studiepoeng til saman og kompetanse til å undervise i norsk i skulen. Kunnskapar om nordisk språk og litteratur er også aktuelt for deg som arbeider med språk og litteratur i andre yrke.