Fakta
Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen
31. januar 2023.
Om studiet
Mål:
Masterprogram i utøvande musikk eller komposisjon er eit tilbod til instrumentalistar, songarar og komponistar. Studiet har det som mål å vidareutvikle studentane sin kunstnariske profil, og styrkje evna til fagleg refleksjon og sjølvstende. Studentane får høve til fordjuping i eit eller fleire sjølvvalde emne innanfor eigne utøvande eller skapande interessefelt. Erfaring i å uttrykkje seg både munnleg og skriftleg skal gjere studentane meir bevisste på kunstnariske problemstillingar, og støtte opp om deira kunstnariske virke.
Innhald:
Det blir gitt individuell rettleiing i utøving/komposisjon og prosjektarbeid, og undervisning gjennom ulike fellesseminar og fellesprosjekt. Masterprogrammet har eit internasjonalt studentmiljø, og engelsk er ofte kommunikasjonsspråk i delar av fellesundervisninga.
Karrieremuligheter
Aktuelle yrke kan vere utøvande musikar/komponist , orkestermusikar, lærar ved universitet/høgskole, i vidaregående skole og kulturskolen. Ein kvalifiserer seg også for arbeid i det frivillige musikkliv og ved ulike kulturinstitusjonar.