Fakta
Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen
31. januar 2023.
Om studiet
Mastergradsstudiet i tysk skal gi grundig innsikt i sentrale tema innanfor tysk språkvitskap og tyskspråkleg litteratur. Fagdidaktikk kan inngå i studiet. Ein legg samstundes stor vekt på å auke studentane sin dugleik i bruken av moderne tysk, både gjennom eit eige tilbod i praktisk tysk og gjennom arbeid med varierte skriftlege og munnlege oppgåver i samband med pensum i alle emna. I løpet av studiet skal studentane utvikle evne til kritisk refleksjon omkring sentrale teoretiske og metodiske problemstillingar innanfor den delen av faget dei spesialiserer seg i. Dette er særleg viktig med omsyn til arbeidet med masteroppgåva.