Fakta
Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen
31. januar 2023.
Om studiet
Studieprogrammet byggjer på bachelorgrad i psykologi og gir deg ekspertkunnskap og relevant dugleik i fagfeltet psykologi, og ei vald spesialisering innan «sosial- og kognitiv psykologi» eller «åtferd- og nevrovitskap». Som kandidat på programmet sett du deg inn i aktuelle faglege perspektiv og utfordringar i psykologisk forsking, går grundigare inn i vitskapsteori og forskingsmetode, og har fordjupingsemne om moderne forsking som er relevant for kvar av dei to studieretningane. På det siste året av studiet skriv du ei masteroppgåve innan si retning som utgjer eit sjølvstendig bidrag til forskingslitteraturen.
Studieretning sosial- og kognitiv psykologi:
Studieretninga gjer deg ei grundig kompetanse innan dei prosesser og mekanismar som formar åtferda til enkeltindivid og i grupper. Du får ekspertkunnskap om menneskeleg oppleving og tankeprosessar, samhandling og interaksjon, påverknad frå grupper og kultur. Du får innsikt i korleis slik kunnskap kan nyttast til å handsame sentrale utfordringar i dagens samfunn. Nokre av dei tema som dekkast er mangfald i samfunn og arbeidsliv, integrering og konflikt, tryggleik, risikovurderingar, HMS og beredskap i arbeid og fritid, feilhandlingar og pålitelegheit, turismeopplevingar, klima og berekraft, medvitne og umedvitne prosessar, og korleis språk og kultur påverkar kognisjon. Du vil ta aktivt del i eit eller fleire forskingsmiljø gjennom heile programmet, og det vert lagt opp til masteroppgåve med egen datainnsamling. Det er mogleg med utveksling i tredje semester. Studiet gjer deg i stand til å forstå sosiale og kognitive fenomen, mekanismar og prosessar å kritisk vurdere og bidra til forsking, og å anvende kunnskap frå forsking i ulike samfunnsområder.
Studieretning åtferd og nevrovitskap:
Studieretninga handlar om samanhengen mellom hjerne, åtferd og kognisjon. Fordjupingsemna gjev eit innblikk i teorigrunnlaget for grunnleggjande forsking på menneskehjernen, i tillegg til forsking knytt til psykiatriske, nevrologiske og andre kliniske tilstandar. Laboratorieøvingar og praktiske demonstrasjonar gir kompetanse i forskingsmetodar i nevrovitskap, inkludert nevroradiologi. Nokre av dei tema som dekkast, er nevrobiologiske og teoretiske tilnærmingar til emosjonar, kognisjon og psykopatologi, forskingsmetodar og etiske spørsmål innan psykofysiologi og nevrovitskap for forsking med menneskjer og dyr. Studiet gjer deg i stand til å analysere åtferd og kognitive og emosjonelle prosesser ut frå nevrovitskapens synspunkt, forstå og nytte forskingsmetodar innan kognitiv nevrovitskap, og det å kritisk vurdere forsking.