Fakta

Sted:
Universitetet i Bergen
Studietype:
Master, 2 år
Studietempo: Heltid
Studiepoeng:
120

Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen

31. januar 2023.

Om studiet

Ynskjer du deg høg kompetanse innan mellom anna kunnskapsutvikling og læringsprosessar? Går du masterstudiet i pedagogikk kan du fordjupa deg i ei sjølvvald problemstilling og drive eiga forsking på det området innan pedagogikk som du er mest interessert i. Ein master i pedagogikk er relevant for ei rekkje stillingar, som rådgjevar, prosjektleiar, konsulent eller lærar, i kommune, stat, frivillige organisasjonar eller bedrifter.

Målet med masterprogrammet er at studentane skal få inngåande kunnskap om og sjølv utvikle forskingsbasert pedagogisk kunnskap. Innhaldet i programmet er knytt til forskingsområda ved Institutt for pedagogikk.

I den første delen av studiet står samanhengen og spenninga mellom ulike kunnskapsformer, læringssyn, utdanningspolitikk og pedagogiske praksisar sentralt. Desse samanhengane og spenningane vil bli belyst og drøfta både som aktuelle samfunnsfenomen og som grunnleggande pedagogisk-filosofiske problemstillingar. Sentrale pedagogiske tema som læring, kunnskap og utdanning blir belyst og drøfta i ulike kontekstar som for eksempel utdanningsinstitusjonar, forvaltning, bedrifter og organisasjonar. Studiets andre del skal kvalifisere studentane til å planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig vitskapleg arbeid (masteroppgåve tilsvarande 60 studiepoeng). Dette inneber og kompetanse til å vurdere pedagogisk forskings- og utviklingsarbeid.

Samla sett skal studiet kvalifisere studentane til pedagogisk forskingsarbeid, samt gjere dei i stand til å planlegge, vurdere, analysere og lede pedagogiske prosessar i utdanningsinstitusjonar, forvaltning, bedrifter og organisasjonar.

Kvalifikasjon/tittel

Master i pedagogikk

Alle utdanninger innen