Fakta
Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen
31. januar 2023.
Om studiet
Masterprogrammet i manusutvikling for seriar er ei spesialisert utdanning i manusskriving for serieformat, det vil seie forteljingar som er stykka opp i episodar, på høgste nivå. Det inkluderer fiksjonsseriar for tv (både drama og komedie), dokumentarseriar og webseriar. Studiet skal styrke studentane sine teoretiske, historiske og analytiske dugleikar om ulike serieformat samt gjere dei i stand til sjølvstendig å utvikle idear og manus for slike produksjonar.
Masterprogrammet i manusutviking for seriar byggjer på bachelorgraden i tv-produksjon. Studiet legg vekt på vekselverknadene mellom teoretisk og praktisk kunnskap. Den handverksmessige kompetansen er forankra i akademisk kunnskap om forteljingar, sjangrar, tekstanalyse, film- og tv-historie, kreativitetsstudiar og produksjonsstudiar.
Masterprosjektet går ut på å utvikle manus til ein dokumentarserie eller ein fiksjonsserie, med ein tilhøyrande produksjonsrapport som reflekterer over det praktiske arbeidet. Studiet er undervisingsintensivt, med tett oppfølging frå fagleg stab, praksislærarar og høgt kvalifiserte gjesteførelesarar. Det er eit heiltidsstudium, og det er ei føresetjing at studentane har høve til å ta aktivt del i undervisning/seminar/diskusjonar/tilbakemelding. Undervisninga er lokalisert i Media City Bergen.
Karrieremuligheter
Ein mastergrad i manusutvikling for seriar kvalifiserer studentane til manusarbeid på dokumentar- eller fiksjonsproduksjonar for tv, web eller film, både i store organisasjonar og som sjølvstendige entreprenørar. Ein mastergrad i manusutvikling for seriar kvalifiserer òg for forsking og undervising innan medievitskap og medieproduksjon.