Fakta
Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen
31. januar 2023.
Om studiet
Mastergrad i engelsk er eit fulltidsstudium over fire semester. Det utgjer 120 studiepoeng og er samansett av to hovuddelar, ein kursdel og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng. Emna i kursdelen kan veljast mellom dei tilboda som instituttet gir i dei ulike semestra. Minst 30 studiepoeng må vere i same disiplin som masteroppgåva.
Masteremne i same disiplin skal representere ulike område i disiplinen. Studentane blir oppmoda til å finne eit tema for masteroppgåva og skrive under ein rettleiingskontrakt så tidleg som mogleg i andre semester.