Fakta
Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen
31. januar 2023.
Om studiet
Studieprogrammet tillèt dei med bachelorgrad i psykologi med fordypning i arbeids- og organisasjonspsykologi å tileigne seg ekspertkunnskap og relevant forskningsbasert dugleik innan dette fagfeltet. Kandidatane skal fordjupe seg i aktuelle faglege perspektiv i arbeids- og organisasjonspsykologisk forsking og anvendt evidens basert prakis, samt lære relevant vitskapsteori og forskingsmetode. I andre året av studiet skriv kandidatane ei masteroppgåve innan si retning som utgjer eit sjølvstendig bidrag til forskingslitteraturen.
Studiet gir forskingsbasert kunnskap om korleis ein kan forstå og utvikle enkeltmenneske, grupper og organisasjonar i ein arbeidsmessig samanheng. Det vil bli særskilt fokusert på rolla som endringsagent, og på kartleggings- og intervensjonsmetodar for leiar-, gruppe- og organisasjonsutvikling, herunder med fokus på arbeidsmiljøarbeid og konflikthandtering.
Studiet kvalifiserer for ei rekkje typar arbeid der endringskompetanse, kritisk tenking, akademisk skriving, formidling og evna til å arbeide både sjølvstendig og i lag er etterspurde evner. Studiet legg òg grunnlaget for vidare forsking, anten som ei akademisk karriere (ph.d.-studium), eller innan andre yrke der forsking inngår som ei av aktivitetane.