Fakta
- 48.00 (primær)
- 51.50 (ordinær)
Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen
7. november 2025.


Om studiet
Lektorutdanning med master i sosiologi er ei femårig lærarutdanning som har som mål å styrke den samfunnsfaglege kompetansen i skolen gjennom å utdanne fagleg dyktige samfunnskunnskapslærarar. Utdanninga er eit profesjonsstudium som kombinerer solid samfunnsfagleg kunnskap (fag I) og eit anna universitetsfag frå Det humanistiske fakultet (fag II) med kunnskap om fagdidaktikk, pedagogikk og 100 dagar praksis.
Profesjonsstudiet utdannar lærarar for både ungdomstrinnet og for den vidaregåande skolen (trinn 8-13), og gir undervisningskompetanse i samfunnskunnskapsfaga (fag I) og eit av faga nordisk, andre språkfag, historie eller religion som ein får tilbod om å ta ved Det humanistiske fakultetet (fag II).
Studiet er bygd opp av emne på alle nivå som inngår i ein bachelor- og mastergrad, med ein bestemt progresjon frå første til tiande semester. Eit kjenneteikn ved studiet er at emne frå sosiologi (fag I) og eit fag i frå Det humanistiske fakultet (fag II) er integrert saman med pedagogikk, didaktikk og praksis.
Her kan du lese meir utfyllande informasjon om Lektor i samfunnsfag - sosiologi (integrert master)