Nøkkelinformasjon

Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen

Studiested

Universitetet i Bergen

Nivå

Master, 5 år

Studiepoeng

300

Studietempo

Heltid

Søknadsfrist

20 april, kl 14:00

Opptakskrav

LÆREAL

Poenggrenser 2021

  • Oppgis ikke (primær)
  • Oppgis ikke (ordinær)

Studieplasser

40

Søknadskode (SO)

184843

Informasjonen kommer fra Samordna Opptak.

Om studiet

Lektorprogrammet i naturvitskap og matematikk er ei femårig integrert lærarutdanning (300 studiepoeng). Utdanninga fører fram til graden master i <fag> med integrert praktisk-pedagogisk utdanning.(<fag> enten matematikk, fysikk, kjemi eller biologi)

Lektorprogrammet utgjer eit profesjonsstudium som utdannar lærarar for ungdomstrinnet og for den vidaregåande skulen (trinn 8-13). Utdanninga kombinerer solid fagkunnskap i to universitetsfag med fagdidaktikk, pedagogikk og praksis. Praksis er integrert i studiet i fire av dei fem studieåra.

Lektorutdanninga skal kvalifisere studentane til å vidareutvikle skulen som institusjon for læring og danning i eit demokratisk og fleirkulturelt samfunn.

Studiet utdannar lærarar som er ansvarlege og som kan ta medansvar for elevar si læring og utvikling. I studiet vert det lagt vekt på å utvikle kompetanse til vidare fagleg og profesjonell utvikling. Såleis er det eit mål å fremje samhandling og kritisk refleksjon kring fag, undervisning og læring.

Studiet gjev ei god innføring i vitskaplege arbeidsmåtar og forskingsmetodar og trening i sjølvstendig arbeid med omfattande og krevjande faglege oppgåver. Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faga, så vel som faga sine metodar. Det vert lagt vekt på tilrettelegging for læring, analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysing, og trening i skriftleg og munnleg presentasjon. Vidare gjev studiet grundig kunnskap i fagdidaktikk og pedagogikk, om skulefaga og fremje ferdigheiter for praktisk yrkesutøving.

I lektorprogrammet vel studenten to fag; eit masterfag (fag 1) og eit sidefag (fag 2). Dette gir studenten grunnlag for undervisningskompetanse i to fag i vidaregåande skule. Utdanninga vert avslutta med ei masteroppgåve i matematikk, fysikk, kjemi eller biologi avhengig av val av masterfag. Masteroppgåva kan ha ein reint fagleg profil, ein reint fagdidaktisk profil eller ha element av begge typar.

Kvalifikasjon/tittel

Master i biologi - integrert praktisk-pedagogisk utdanning

Alle utdanninger innen