Fakta

Sted:
Universitetet i Bergen
Studietype:
Master, 2 år
Studietempo: Heltid
Studiepoeng:
120

Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen

31. januar 2023.

Om studiet

Klinisk masterstudium i manuellterapi er for deg som er fysioterapeut og som ønskjer vidare utdanning. Ein fysioterapeut med vidare utdanning i manuellterapi kallast manuellterapeut og skal vere spesialisert i å undersøke og behandle pasientar med lidingar i muskel- og skjelettapparatet. Manuellterapeutar skal ha dei kunnskapane, haldningane og ferdigheitene som ein primærkontakt med ansvar for pasientar med muskel- og skjelettlidingar treng for forsvarleg utøving av yrket. Studiet vidareutviklar fysioterapeuten sin basis for kritisk analytisk tenking og fagutvikling etter vitskapsmetodiske kriterium og kan gje grunnlag for vidare studiar som til dømes phd-grad.

Ein fysioterapeut med vidareutdanning i manuellterapi kan kallast manuellterapeut og er spesialisert i å undersøke og behandle pasientar med lidingar i muskel- og skjelettapparatet.

Studiet skal sikre at manuellterapeutar har dei kunnskapane, haldningane og ferdigheitene som ein primærkontakt med ansvar for pasientar med muskel- og skjelettlidingar treng for forsvarleg utøving.

Studiet vidareutviklar fysioterapeuten sin basis for kritisk analytisk tenking og fagutvikling etter vitskapsmetodiske kriterium.

I studiet skal studenten praktisere under rettleiing ved klinikk eller institutt som er godkjent av universitetet til dette formålet, og kontrakt med praksisstaden vert gjort ved tildeling av studieplass

Studiet er tilrettelagt for fysioterapeutar som allereie har klinisk erfaring bak seg og som vil heva sin formelle og reelle kompetanse gjennom å vidareutvikle sine teoretiske kunnskapar og praktiske ferdigheiter, og lære seg å anvende vitskapelig basert kunnskap som grunnlag for fagutøvinga. MMT tar utgangspunkt i at studenten allereie har grunnutdanning i fysioterapi og dermed kunnskap og forståing av bl.a. anatomi, biomekanikk, fysiologi, patologi, treningsteori og -metodikk, og ein praksis fundert på et samfunnsorientert perspektiv for sjukdom.

Karrieremuligheter

Etter fullført Klinisk masterstudium i manuellterapi for fysioterapeutar er ein kvalifisert til:

  • arbeid som primærkontakt for pasientar med plager knytt til muskel- og skjelettapparatet
  • utdanningsarbeid på universitet og høgskolar
  • fagutvikling i klinisk verksemd
  • forsking og utvikling
  • fagleg og administrativt arbeid innan forvalting og helsevesen.
  • Studie gir grunnlag for vidare forsking og PhD-studium, nasjonalt som internasjonalt

Studiet er godkjent av International Federation for Orthopaedic Manual Physical Therapy (IFOMPT) og kvalifiserer dermed til arbeid som manuellterapeut internasjonalt

Kvalifikasjon/tittel

Master i helsefag