Fakta
Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen
31. januar 2023.
Om studiet
Masterstudiet i undervisning med fordjuping i engelsk er eit deltidsstudium over fire år der målet er å vidareutdanne allmennlærarar for mellomtrinnet og ungdomstrinnet i grunnskulen og for oppgåver i den vidaregåande skulen. Sidan studentane har praksis frå skulen, og studiet har ei innretning som er relatert til undervisning og læring, vil det vere ei overordna målsetning for studiet å kunne byggje bru mellom erfaringskunnskap frå skulen, den forskingsbaserte disiplinkunnskapen i engelsk og den fagdidaktiske kunnskapen. Gjennom masterstudiet skal studentane tileigne seg teoretisk og erfaringsbasert kunnskap og dugleikar som er med på å utvikle deira kompetanse for å undervise i engelsk i grunnskulen. Studiet vil gi ei innføring i vitskapelege arbeidsmåtar og forskingsmetodar knytte til masterfaget, og inneheld trening i sjølvstendig arbeid med faglege oppgåver. Gjennom studiet skal studentane få høve til å utvikle ei meir sjølvstendig og kritisk haldning til kjeldematerialet og til vitskaplege framstillingar. Studiet skal dessutan gi ei grunnleggjande forståing av masterfaget og skulen i ein samfunnsmessig og kulturell samanheng. I studiet vert det lagt vekt på å utvikle kompetanse til vidare fagleg og profesjonell utvikling, slik at studentane kan bidra til å vidareutvikle engelsk som fag. Såleis er det eit mål å fremje kritisk refleksjon og samtalekulturar kring fag, undervisning og læring. Studieprogrammet har tre delar: fellesemne, fag/fagdidaktiske emne og masteroppgåve.
1. Faglege og fagdidaktiske emne, 45 studiepoeng.
2. Vitskapeleg metode og vurderingsteori, fellesemne 15 studiepoeng.
3. Profesjon, refleksjon og erfaringsdeling, 15 studiepoeng.
4. Forskingsbasert masteroppgåve, 45 studiepoeng.
Fordjupingsfaget engelsk er kjenneteikna av breidde i aktuelle forskingsemne og er ope i høve til metodar og tilnærmingsmåtar. Masterstudentane tek eit kurs i engelskspråkleg litteratur, eit i engelsk språk, eit i engelsk fagdidaktikk og eit teori- og metodekurs. Det er eit mål for instituttet at fordjupingsemna på masterprogrammet i stor grad skal reflektere interessefelta til lærarane og vere forskingsbaserte.