Fakta

Sted:
Universitetet i Bergen
Studietype:
Master, 2 år
Studietempo: Heltid
Studiepoeng:
120

Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen

12. desember 2024.

Om studiet

Berekraftig utvikling for det 21. hundreåret krev kunnskap, institusjonar og handlingsformer som går lenger enn dei fragmenterte perspektiva frå enkeltståande akademiske disiplinar. Siktemålet med masterprogrammet i berekraft er å gi studentane kunnskap, ferdigheiter og kompetanse som krevst for å kunne forstå, analysere og utvikle løysingar på krevjande utfordringar på måtar som er samfunns-, miljømessig og økonomisk berekraftige.

Gjennom opplæring i systemtenking og modellering vil programmet undervise metodar for å analysere og samhandle med komplekse sosiale og økologiske system. Programmet vil gi ein introduksjon til utviklinga av og innhaldet i Dei sameinte nasjonane (FN) sine berekraftsmål (SDG), og korleis desse kan implementerast i lov- og regelverk på lokalt, nasjonalt og internasjonalt nivå. Programmet vil ta for seg ulike kunnskapsformer (slik som juss, vitskap og politikk) og korleis desse analyserer og handterer samansette problem. Det vil introdusere studentane for aktuelle politiske prosessar som involverer motstridande interesser, behov for auka demokratisk medverknad, og mekanismar for medverknad.

Studieplanen består av obligatoriske emne og spesialiseringsemne som leier fram til sjølve masteroppgåva. Studenten skal velje ei av desse studieretningane:

Globale samfunnsutfordringar

Klimaendringar og energiomstilling

Marin berekraft

Føremålet med ei slik spesialisering er å gi studenten ekspertise i ei tverrfagleg tilnærming til klima og energiomstilling, marin berekraft, og globale samfunnsutfordringar. Felles for alle studieretningane er at dei gir djupneforståing av eit spesifikt berekraftstema som byggjer på kunnskapen frå dei obligatoriske kursa. Programmet er bygd opp slik at studenten heile vegen knyter saman kunnskap frå dei grunnleggjande emna og spesialiseringa dei har valt. I laupet av introduksjonskursa bør studenten peike seg ut eit område for spesialisering og bli styrt mot ein eiga rettleiar og passande valfrie emne. Spesialiseringa byrjar i det første semesteret og held fram gjennom 3. og 4. semester.

Spesialiseringa inkluderer vanlegvis eit metodekurs (kvalitativt eller kvantitativt) på 10 studiepoeng og to valfrie metodeemne. I tillegg til introduksjonsemne skal spesialiseringa leie fram til ei mastergradsoppgåve som tel 60 studiepoeng knytt til spesialiseringa, eller studenten skal gjere eit praksisopphald tilsvarande 30 studiepoeng og skrive ein rapport tilsvarande 30 studiepoeng knytt til praksisopphaldet.

Arbeidsmengda vil vere lik for dei to modellane, om lag 1600 timar for heile mastergraden. Begge modellar inkluderer ei seminarrekke med sentrale tema frå dei obligatoriske kursa som må tilpassast spesialiseringa til den enkelte studenten.

Kvalifikasjon/tittel

Master i bærekraft

Alle utdanninger innen