Fakta

Sted:
Universitetet i Bergen
Studietype:
Bachelor, 4 år
Studietempo: Heltid
Studiepoeng:
240

Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen

31. januar 2023.

Om studiet

Er du utøvar innan klassisk musikk, tradisjonsmusikk eller jazz? Komponerer du? Har du eit ønskje om å studere musikk på høgt nivå i eit kreativt og internasjonalt miljø? Gjennom det fireårige bachelorprogrammet i utøvande musikk eller komposisjon legg du grunnlag for ei karriere innanfor musikk. Du kan også fortsette studiet på masternivå. Som student på programmet får du undervisning individuelt og i grupper innanfor hovuddisiplinen din. Studiet inneheld også emne som ser på korleis musikk inngår i ulike historiske, kulturelle og samfunnsmessige kontekstar. Instituttet har nær kontakt med musikk- og kulturlivet i regionen og samarbeider blant anna med Festspillene i Bergen, Nattjazz, Borealisfestivalen, Sjøforsvarets musikkorps, Bergen Nasjonale Opera og Bergen Filharmoniske Orkester. I løpet av studiet vil du ha moglegheit til å delta på ulike prosjekter i regi av dei profesjonelle samarbeidspartnarane. Studieretninga tradisjonsmusikk er eit samarbeid med Ole Bull Akademiet. Sjå olebull.no for meir informasjon.

Bachelorprogrammet har som mål

  • å utdanna utøvande/skapande musikarar til profesjonelt virke.
  • å gje ei utdanning som kvalifiserer til vidare studium innan utøvande/skapande musikk.
  • å gje ei utdanning som kan integrerast i andre utdanningar og arbeid innan fagområdet musikk.

Studieprogrammet er tilrettelagd over 4 år, 8 semester, og inneheld ein kombinasjon av obligatoriske og valfrie emne.

Dei fleste emna er organiserte over 2 semester. Semester 1 - 4, 1. og 2. studieår, består av obligatoriske emne. I semester 5 - 8, 3. og 4. studieår, er det mogleg med ei rekkje ulike musikkfaglege spesialiseringar basert på valfrie emne. Andre kunst- og/eller kulturfaglege emne kan også inngå.

Instituttet tilbyr musikkfagleg praktisk-pedagogisk utdanning som kan inngå i bachelorgraden.

Karrieremuligheter

Dine moglege yrkesvegar heng saman med kva studieretning og emnesamansetting du har i studiet ditt. Du kan for eksempel kvalifisere deg til arbeid som utøvande musikar, komponist og undervisa i kulturskoler og skoleverket generelt.

Når du har fullført dette studieprogrammet, får du graden bachelor i utøvande musikk.

Kvalifikasjon/tittel

Bachelor i utøvende musikk eller komposisjon