Fakta
- Alle (primær)
- Alle (ordinær)
Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen
3. desember 2024.
Om studiet
I sosialantropologien undersøker vi korleis folk lever i ulike samfunn og kulturar over heile verda. Alt frå overgangsritual i India til migrasjonsprosessar i Europa og globale klimaendringar kan vere interessant for ein antropolog. Gjennom studiet får du ei breiare forståing for kva det vil seie å vere menneske. Kva er det vi har til felles trass i kulturforskjellar, og kva er det som gjer oss så mangfaldige? Sosialantropologi er eit breitt fag både når det gjeld tema og region. Det gjer at du finn antropologar som forskar på eksotiske stillehavsøyar, men også antropologar som forskar på digitale nettsamfunn og på asylmottaket i bygda. Gjennom det kvalitative feltarbeidet arbeider antropologen tett på menneske over lang tid for å få ei djup forståing av dei sosiale prosessane som bind oss saman. Hos oss lærer du å sjå tema som politikk, religion, makt, slektskap, identitet, konflikt og kommunikasjon i ein større sosial samanheng. Ved Institutt for sosialantropologi i Bergen legg vi stor vekt på feltarbeidet, både i forsking og undervisning. Som student på bachelorprogrammet kan du gjøre minifeltarbeid i gruppe allereie første semester, mens du på masterprogrammet får gjere eit omfattande, sjølvstendig feltarbeid som del av masterprosjektet.
Sosialantropologi er den sentrale disiplin i det globalt samanliknande studiet av kultur og samfunn. Sosialantropologar undersøkjer det kulturelle mangfaldet blant menneske verda over og dei sosiale prosessane som utfaldar seg i dette mangfaldet. Faget er difor vidt tematisk - all menneskeleg verksemd og kunnskap er interessant når sosialantropologar freistar å forstå variasjon, samanheng og endring i samfunn og kultur. Dette kjem òg til syne i faget sitt geografiske spenn. Sosialantropologar forskar overalt i verda og har ein særskilt tradisjon for studiar av ikkje-vestlege samfunn, men faget bidreg òg i høg grad til kunnskap om kultur, samfunn og organiseringsformer i Noreg og andre vestlege samfunn. Metodisk vektlegg faget feltarbeid, komparasjon og heilskapelege perspektiv. Under feltarbeid oppheld sosialantropologar seg i lang tid (månader eller år) i nært samliv med menneske for å få innsikt i liva deira. Den komparative metode tyder at sosialantropologar handsamar sine data ved å samanlikne dei med livsforhold andre stadar, òg forskaren sitt eige samfunn. Det heilskapelege overgripande blikket inspirerar sosialantropologar til å tenkje på tvers av livsområde (familieliv, økonomi, politikk, religion osv.) som gjerne handsamast meir isolert i andre fag. Sosialantropologi har i særskilt grad tilgjenge på menneske sine kvardagserfaringar, gjerne blant grupper som ikkje er i ålmenta sitt søkelys. Den djupe innsikta faget gjev i uvante tenkemåtar og levevis legg såleis grunnlag for kritiske og alternative perspektiv på eige samfunn.
Bachelorstudiet i sosialantropologi skal gje innsikt i sosial og kulturell variasjon verda over og har som mål å gje studenten metodiske og teoretiske reiskapar for å analysere strukturar, institusjonar og prosessar i mellommenneskeleg liv. Målsetjinga er for det første å gi ei brei og grunnleggjande innsikt i korleis menneske utformar og formast av røyndomsoppfatningar og samfunnsmessige forhold på ulike livsområde. Tema som handsamast er mellom anna slektskap, ekteskap, familie, sosiale nettverk og andre former for organisering av kvardagslivet; former for ulikskap som til dømes kjønn, kaste, klasse og etnisitet; tilpassingar til miljøet gjennom produksjonsformer, bytte og konsum; makt, legitimering, motstand og politisk spel; verdsbilete, magi, hekseri, religion og ritual, og kvardagslivet sitt forhold til stat, nasjon, migrasjon, globalisering og utviklingsprosessar. I tillegg til denne breie globale handsaminga av sentrale tematikkar i menneske sine livstilhøve får studenten òg meir djuptgåande kjennskap til sosiale og kulturelle særtrekk i to verdsregionar. For det tredje problematiserar bachelorstudiet forholdet mellom teori og empiri ved å leggja vekt på korleis ulike teoretiske perspektiv på røynda gjev ulike forståingar av sosialt og kulturelt mangfald.
Innføringsemnet (10 poeng) gjev studenten ei erfaring med den sentrale metoden i sosialantropologi - feltarbeid - og kastar lys på ulikskap og likskap i samfunn verda over. Dei neste temaemna (fire emne kvar på 15 poeng) drøftar menneskeliv med utgangspunkt i fire generelle tilnærmingar - sosialitet, materialitet, meining og makt. Ei rekkje meir spesifikke temaområde vert handsama under desse fire emna. Siste del av studiet er eit regionalemne (15 poeng) som gjev ei grundig etnografisk innsikt i to verdsregionar og som drøftar nytta av å legge til grunn eit regionalt perspektiv på kulturell variasjon. Til slutt skriv studenten ei sjølvstendig fagleg oppgåve (”bacheloroppgåve”, 15 poeng) basert på dei gjennomførte emna. Oppgåveskrivinga er òg knytt til opplæring i akademisk skriving og informasjonssøking.
Karrieremuligheter
Ved å studere sosialantropologi utviklar du desse eigenskapane:
- Du blir flink til å arbeide sjølvstendig og analytisk, tenke kritisk og sjå andre perspektiv.
- Du blir flink til å løyse problem og utviklar gode evner til å samarbeide med ulike menneske.
- Du tileignar deg også djuptgåande kunnskap om spesifikke land, regionar og sosiale grupper.
Verda vi lever i blir meir kompleks. Det gjer at kunnskapen ein får gjennom sosialantropologien, blir stadig viktigare.
Våre tidlegare studentar jobbar i dag i kommunen, i det private næringslivet, eller i internasjonale organisasjonar som Røde Kors eller FN. Det er mange sosialantropologar som arbeider med kommunikasjon og HR, eller innan flyktning- og innvandringsfeltet, i rusomsorg og barnevern.