Nøkkelinformasjon

Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen

Studiested

Universitetet i Bergen

Nivå

Bachelor, 3 år

Studiepoeng

180

Studietempo

Heltid

Opptakskrav

GENS

Poenggrenser 2021

  • Oppgis ikke (primær)
  • Oppgis ikke (ordinær)

Studieplasser

15

Søknadskode (SO)

184886

Informasjonen kommer fra Samordna Opptak.

Om studiet

Bachelorstudiet i russisk har både eit praktisk og eit teoretisk siktemål: Det skal leggje til rette for å øve opp språklege evner og utvikla forståinga av lingvistiske, kulturelle og litterære fenomen.

I undervisninga blir det lagt vekt på praktisk meistring av moderne russisk språk, der studenten får intensiv trening i å snakke, forstå, lese og skrive russisk. Studenten får elles ei innføring i russisk historie og samfunn og i russisk litteratur.

Den generelle målsetjinga for russiskstudiet er:

  • å øve opp praktisk og aktiv språkdugleik hjå studentane, både skriftleg og munnleg.
  • å gje studentane kunnskapar om og innsikt i russisk språk og russisk litteratur, kultur og samfunnstilhøve.
  • å øve studentane opp til ei sjølvstendig og reflekterande haldning til faget.

Etter eitt års studium skal studentane vere i stand til å lese og forstå tilrettelagte tekstar, føre enkle samtaler om avgrensa tema, skrive enkle tekstar på russisk, og dessutan å omsetje tekstar på eit grunnleggjande nivå mellom russisk og norsk.

Etter to år blir det forventa at studentane har tileigna seg eit tilstrekkeleg aktivt og passivt vokabular til å kunne lese ikkje-adapterte tekstar innan ulike sjangrar med hjelp av ordbok. Dei skal òg kunne meistre alminneleg konversasjon og omsetjing av tekstar på middels nivå.

I løpet av dei to første åra vil studenten elles ha fått god innsikt i russisk litteratur, så vel som i russisk historie, kultur og samfunnstilhøve. På den måten er studiet både eit reiskapsfag for utdanning til yrke som krev solide kunnskapar om Russland og eit grunnlag for vidare fordjuping innan dei ulike forskingsfelta i eit masterstudium i russisk.

Kvalifikasjon/tittel

Bachelor i russisk