Fakta
- Alle (primær)
- 37.10 (ordinær)
Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen
12. desember 2024.
Om studiet
Kva roller har musikk i kultur og samfunn? Korleis nyttast musikk til å skape identitet i ei stadig globaliserande verd? Kva er samanhengen mellom musikalsk kreativitet og teknologi? Korleis oppstår musikalsk meining? Musikkvitskap er eit fag som ser på musikk både som estetisk objekt og samfunnsfenomen. Det som særmerker musikkvitskap som fag ved Universitetet i Bergen er stor historisk, geografisk og tematisk spennevidde. Vi forskar på og underviser i tema som den vestlige kunstmusikken, populærmusikk, norsk tradisjonsmusikk og andre globale tradisjonar.
Mål
Bachelorprogram i musikkvitskap skal formidle forståing for den kritiske kompetansen i omgang med musikalske uttrykksformer i ulike samfunnsmessige, kulturelle og historiske kontekstar.
Studiet har som mål:
- å gje ei utdanning som kvalifiserer til vidare studium innan musikkvitskap.
- å gje ei utdanning som kan integrerast i andre utdanningar og arbeid innan fagområdet musikk.
- å gje ei utdanning som kvalifiserer til arbeid i kulturlivet – særleg musikklivet og -bransjen.
Innhald
Programmet kombinerer ulike tilnærmingar til musikk som eit kulturelt, samfunnsmessig og historisk fenomen. Fokus er på å utvikle den kritiske evna i forhold til ulike musikalske uttrykksformer som til dømes den vestlige klassiske kunstmusikken, tradisjonsmusikk og populærmusikk i ulike historiske og geografiske kontekstar. Studiet har også en praktisk del orientert mot musikkproduksjon og ulike måtar å formidle om musikk på. Studieprogrammet skal utdanne kandidatar med kritisk kompetanse i musikkvitskap som kan nyttas i kulturlivet og musikkbransje, samt danne grunnlag for vidare spesialisering (mastergrad).
Karrieremuligheter
Når du har fullført dette studieprogrammet, får du graden bachelor i musikkvitskap. Mogelege yrkesvegar heng saman med kva samansetting du har i studiet ditt. Du kan kvalifisere deg til arbeid i kultur- og musikkbransjen, og til arbeid med musikk- og kulturjournalistikk.