Fakta

Sted:
Universitetet i Bergen
Studietype:
Bachelor, 3 år
Studieform: Undervisning ved lærestedet
Studietempo: Heltid
Oppstart: Høst
Studiepoeng:
180
Søknadsfrist: 15. april
Opptakskrav: GENS
Poenggrenser 2023:
  • Alle (primær)
  • Alle (ordinær)
Studieplasser: 35
Søknadskode (SO): 184475

Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen

23. februar 2023.

Om studiet

Bachelorprogrammet i kunsthistorie skal gi teoretiske, analytiske og metodiske føresetnader for å forstå visuell kunst, arkitektur og visuell kultur som historiske, kulturelle og sosiale fenomen. Programmet gir eit godt grunnlag for arbeid i kultursektoren, både i offentleg og privat sektor. Programmet gir også teoretisk og praktisk kompetanse for dei som vil skape eigne karrierevegar knytt til kulturforvaltning og frie næringar.

Kunsthistoriestudiet utforskar den visuelle kulturhistoria frå antikken til i dag - måleri, skulptur, masseproduserte bilete og moderne sjangrar som fotografi, film og elektroniske bilete, samt arkitekturhistorie, kulturminnevern og byplanlegging. I starten av studiet blir det lagt stor vekt på å gi studentane ei brei innføring i faget, både historisk og når det gjeld kunstnarlege uttrykksformer. Siste del av studiet gir ei fordjuping i teoretiske spørsmål og moglegheit for spesialisering. Kandidatane blir introduserte for relevant forskingslitteratur og den pågåande diskusjonen kring teoretiske og metodiske tilnærmingar. Programmet gjev såleis innsikt i analytiske, teoretiske og metodiske føresetnader for å forstå kunst, arkitektur og visuell kultur som estetiske, historiske, kulturelle og sosiale fenomen. Hovudtyngda i studiet av antikken vil ligge på høgkulturane i middelhavsområdet med ei særleg vekt på dei greske bystatane og Romarriket. I studiet av mellomalderen legg ein vekt på både Vesten og Det bysantinske riket. Studiet av nyare tid er i hovudsak avgrensa til den vestlege kunsten, men ein problematiserer og postkoloniale perspektiv og globalisering. Ein har blikk for visuell og materiell kulturarv frå Noreg, samstundes som dette blir kombinert med kritiske og internasjonale perspektiv.

Studiet utnyttar forsking og ekspertise knytt til eldre og nyare visuell og materiell kunst, og ein gjer aktivt bruk av kulturarv og kunstinstitusjonar som finst i Bergen. Studieprogrammet gir grunnlag for vidare spesialisering på mastergradsnivå.

Kvalifikasjon/tittel

Bachelor i kunsthistorie

Alle utdanninger innen