Fakta
- Alle (primær)
- Alle (ordinær)
Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen
31. januar 2023.


Om studiet
Kulturvitskap er studiet av kvardagskultur og korleis menneske skaper meining i tilværet. Studiet gir grunnleggande kunnskap om mennesket som kulturskapande og kulturberande vesen. Både kulturhistorie og kulturanalyse av samtidsfenomen står sentralt i studiet, og det analyserer kultur som ein viktig dimensjon i eit globalisert og moderne samfunn. Kulturvitskap handlar mellom anna om materialitet, kulturarv og forteljartradisjonar frå folkeeventyr og segner til falske nyheiter. Kulturvitskap behandlar også dei kulturelle dimensjonane ved en rekkje andre sider ved kvardagslivet, som til dømes migrasjon og etniske konfliktar, kjønn og seksualitet, magi og møte med det overnaturlege.
Studiet skal også gi innsikt i utviklinga av moderne kulturstudiar og faghistoria meir generelt. I tillegg vil faget gi innsikt i ulike metodiske og teoretiske tilnærmingar som er sentrale i kulturvitskapen. Studiet inneheld både oversikts- og fordjupingsemne, slik at studentane kan kombinere generell innsikt med meir inngåande studiar av spesielle problemfelt.