Fakta
- Alle (primær)
- Alle (ordinær)
Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen
31. januar 2023.


Om studiet
Mål
Bachelorprogrammet i klima-, atmosfære- og havfysikk har som mål
å gi studentane ei grunnleggjande innføring i dei faktorane som
styrer rørsla i atmosfæren og i havet og deira eigenskapar.
Studiet dekker såleis fysiske eigenskapar til atmosfæren, fysiske
og kjemiske eigenskapar til hav, og korleis ein tek målingar og
gjer analyse av desse. Studiet gir og ei innføring i fenomen som
påverkar vekselverknaden mellom atmosfære og hav, og korleis
nemnd kunnskap kan nyttast for å forstå og forklare variasjonar
og endringar i klima.
Innhald
Bachelorprogrammet kombinerer dei klassiske realfaga fysikk og
matematikk, og gir studentane god bakgrunn for arbeid i mellom
anna forsking, utdanning, forvaltning, vêrvarsling, klima og
fornybar energi.
Fagområdet klimafysikk skildrar tilstanden i hav og atmosfære
over lang tid, korleis desse endrar seg over tid og korleis dei
er kopla saman og påverkar kvarandre.
Fagområdet meteorologi, eller atmosfærefysikk, er studiet av
vêrfenomen og dei ulike fysiske eigenskapane og prosessane i
atmosfæren. Fagområdet oseanografi, eller havfysikk, er studiet
av dei ulike eigenskapane og prosessane i havet. Dette fagområdet
inneheld også skildring av krinslaupet til kjemiske stoff, som
karbon og næringsemne, i havet.
I både meteorologi og oseanografi er dei fysiske lovene
formulerte med hjelp av matematiske likningar som nyttast til å
skildre og betre forstå naturen.
Ettersom faga nyttar informasjonsteknologi blir informatikk
tilrådd som støttefag.
Studieprogrammet nyttar forsking og ekspertise i fysikk, matematikk, kjemi og geofysikk til å utdanne kandidatar med kompetanse i meteorologi, oseanografi og fysiske klimavariasjonar, samt dannar grunnlag for vidare spesialisering (mastergrad).