Fakta

Sted:
Universitetet i Bergen
Studietype:
Bachelor, 3 år
Studietempo: Heltid
Studiepoeng:
180

Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen

14. mars 2022.

Om studiet

Design er skapande verksemd, og ein sosial, kritisk og empatisk praksis. Kontekst for utdanninga er ei samfunnsutvikling kjenneteikna av komplekse utfordringar som set både nærmiljø og storsamfunn på prøve. Utdanninga set lys på designfaglege utfordringar knytt til aktuelle sosiale og politiske spørsmål. Studieprogrammet er forankra i eit fagmiljø som fører vidare og fornyar ein sterk tradisjon for arbeid i verkstad og spesialrom, kritisk tenking og samarbeid med verda omkring. Læring skjer i stor grad gjennom eksperimentelt og praktisk arbeid. Studentane opparbeider kunnskap, ferdigheiter og haldningar som bidreg til at dei kan arbeide kreativt og systematisk med design, sjølvstendig og i samarbeid med andre. Erfaringsbasert læring skjer ved at studentane lærer å beskrive, analysere og delta i faglege samtalar om designpraksis, også i eit faghistorisk perspektiv. Slik lærer dei og å analysere design i ein vidare samfunnsmessig, kulturell og historisk samanheng.

Kvalifikasjon/tittel

Bachelor i design

Alle utdanninger innen