Fakta
- 45.90 (primær)
- 50.80 (ordinær)
Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen
31. januar 2023.
Om studiet
Sosiologi er eit samfunnsfag som studerer menneskeleg liv, grupper og samfunn ut frå ulike perspektiv. Sosiologar er opptatt av at menneskelege aktivitetar og handlingar gjerne har mønster eller ein struktur som er relativt uavhengig av enkeltindivida. Sosiologar arbeider med å fortolke og forklare korleis menneske vert forma av samfunnsforhold, samstundes som dei sjølve med sine handlingar og reaksjonar endrar desse betingelsene. Sosiologiske studiar kan dreie seg om alt frå analyse av møter mellom enkeltindivid til utforsking av globale sosiale prosesser. I undervisninga og forskinga ved instituttet har dimensjonane kjønn, makt og ulikskap stått sentralt. I tillegg arbeider vi mykje med institusjonell endring, globalisering, livsløp og modernisering.
Årsstudiet skal gi grunnleggjande forståing for sentrale tema innanfor sosiologi og føre fram til undervisningskompetanse i samfunnsfag i det offentlege skuleverket.