Fakta
- 48.00 (primær)
- 53.00 (ordinær)
Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen
31. januar 2023.
Om studiet
Samfunnsøkonomi dreiar seg om korleis vi bruker ressursane våre, anten det gjeld naturressursar, arbeidskraft eller produksjonsutstyr. Vi undersøkjer korleis økonomien eigentleg fungerer, både vår heimlege blandingsøkonomi, dei økonomiske tilhøva i andre land og verdsøkonomien. Vi analyserer også utsiktene for å kunne auke verdiskapinga og fordele resultatet på ein meir rettferdig måte, kort sagt korleis vi kan gjere verda til ein betre stad å vere!
Samfunnsøkonomien tek opp problemstillingar som strekkjer seg frå samanhengen mellom arbeidsløyse og inflasjon, til kva som ut frå bestemte føresetnader er «rett» billettpris på bussen. Dette er vanskelege og til dels uoversiktlege problemstillingar som ikkje alltid har klare svar. I faget arbeider vi med metodar som er eigna til å analysere slike problemstillingar og løyse dei så langt det let seg gjere. Gjennom studiet i samfunnsøkonomi lærer du om slike metodar. Du lærer å strukturere problemstillingar for å finne ut kva som er viktig og kva som ikkje er det. Derfor er samfunnsøkonomar ettertrakta arbeidskraft til mange ulike stillingar - i privat næringsliv, offentleg verksemd og i internasjonale organisasjonar.
Studiet bygger på eksisterende kurs og kan bygges videre ut og inngå som spesialisering i en bachelorgrad i samfunnsøkonomi. Det tilbys to varianter av årsstudier i samfunnsøkonomi der ett av de kan gi undervisningskompetanse i samfunnsøkonomi i videregående skole.