Fakta

Sted:
Universitetet i Bergen
Studietype:
Årsstudium
Studietempo: Heltid
Studiepoeng:
60
Søknadsfrist: 15. april
Opptakskrav: GENS
Poenggrenser 2024:
  • 45.20 (primær)
  • 57.50 (ordinær)
Studieplasser: 40
Nettbasert: Nei
Samlingsbasert: Nei
Deltid: Nei
Søknadskode (SO): 184220

Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen

6. mars 2024.

Om studiet

Årsstudiet omhandlar eit utval av tema som strekkjer seg frå individets læring til korleis globale utdanningspolitiske trendar påverkar utviklinga av det norske utdanningssystemet. Det handlar om ulike perspektiv på læring og undervising, faglege og etiske problemstillingar knytt til pedagogiske aktivitetar, pedagogiske grunnlagsspørsmål knytt til danning, rettferd og ulikskap, og utdanning i eit samfunn i endring. Dette er emne som ikkje berre er viktige i tradisjonelle utdanningsinstitusjonar, men og i arbeidslivet og i samfunnet generelt. Målet med programmet er å fremje studentane sin kunnskap om og forståing for pedagogiske prosessar og utfordringar. Gjennom studiet skal studentane tileigne seg eit teoretisk grunnlag for pedagogisk arbeid, og lære om korleis oppseding, undervising og utdanning blir påverka av sosiale, politiske og økonomiske vilkår.

Karrieremuligheter

Årsstudium i pedagogikk kan i kombinasjon med andre fag gi kompetanse for arbeid i offentleg og privat sektor, for eksempel i skolen, i ulike private verksemder, i ideelle organisasjonar og ulike delar av helsevesenet der pedagogisk fagkunnskap er etterspurt.

Årsstudiet kan inngå som førsteåret i ein bachelor i pedagogikk eller som valfrie studiepoeng i ein bachelorgrad ved UiB.

Alle utdanninger innen