Nøkkelinformasjon
Nivå
Studiepoeng
Studietempo
HeltidSøknadsfrist
20 april, kl 14:00Opptakskrav
REALFA
Poenggrenser 2021
- Alle (primær)
- Alle (ordinær)
Studieplasser
90
Søknadskode (SO)
184670
Informasjonen kommer fra Samordna Opptak.
Om studiet
Vil du supplere tidlegare utdanning eller fordjupe deg innanfor eit fagområde? Ønsker du å kvalifisere deg for opptaksgrunnlaget til Praktisk-pedagogisk utdanning? Eit årsstudium er først og fremst retta mot deg som allereie har tatt eit studium på høgskole- eller universitetsnivå tidlegare. Årsstudiet gir deg studierett i eitt år. Dei naturvitskapelege faga har stor spennvidde og dekker fag som biologi, kjemi, molekylærbiologi, nanoteknologi, fysikk, geofysikk, geologi, datavitskap, datateknologi, matematikk, meteorologi og oseanografi, petroleum- og prosessteknologi. På årsstudiet i naturvitskapelege fag kan du velje å konsentrere deg om berre eitt fag, eller du kan kombinere emne frå fleire fagområde. Innanfor dei ulike faga er det mange spennande emne å velje mellom. Men ver merksam på at studentar på bachelorprogram vil ha prioritet for opptak på emne med avgrensa kapasitet knytt til eksempelvis laboratorieøvingar, tokt og feltkurs.