Fakta
- Alle (primær)
- Alle (ordinær)
Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen
14. november 2024.
Om studiet
Vil du lære metodar som kan løyse problem i ei rekke fagområde som fysikk, geovitskap, ingeniørvitskap, biologi og medisin? Anvend matematikk bruker matematisk teori, likningar og numeriske metodar for å løyse utfordringar innan andre fagfelt. Studiet passar for deg som er interessert i matematisk orienterte fag og som ønsker å jobbe tverrfagleg.
Hva lærer du?
Anvend matematikk er eit verktøy for å forstå verda omkring oss og for å utvikle ny teknologi.
I dag er det ein sterk auke i bruken av matematiske metodar i naturvitskap, teknologi, medisin, økonomi og samfunnsfag. Ein konsekvens av dette er at ein må ha djupare forståing av korleis ein formulerer problemstillingar matematisk, analyserer matematiske modellar og korleis ein løyser dei ved hjelp av datamaskinar. Studiet i anvend matematikk gir denne innsikta ved å kombinere matematiske fag med kurs innanfor andre fagfelt.
Hva kan du jobbe som?
Med ein bachelorgrad i anvend matematikk lærer du å utvikle og analysere modellar og å bruke metodar og utvikle desse videre, noko som er ein viktig kompetanse du kan bruke i vidt forskjellige fagfelt og i vidare studium.
Våre studentar får yrke som forskingsingeniør, analytikar, forskar, Data scientist m.m., og har for eksempel fått jobb
- i industrien (Odfjell Drilling, Equinor, GexCon m.m.)
- i forskingsinstitutt (Havforskingsinstituttet, UNI Research, Christian Michelsen Research, Nansensenteret)
- ved høgskolar/universitet
- i konsulentbyrå som SAFETEC, Det Norske Veritas AS og Oliver Wyman.
Her kan du lese mer om bachelor i anvendt matematikk på UiB