Nøkkelinformasjon

Lærestedets logo
Lærestedets logo

Studiested

Universitetet i Bergen

Nivå

Årsenhet og kortere

Studiepoeng

15.00

Semester

1

Kostnader

12000

Organisering

Nettstudium

Studietempo

Deltid

Om studiet

Kurset skal gje kunnskap om korleis ein lærer eit andrespråk (andrespråkslæringsteori), og om på kva måte læringsprosessen kan påverkast positivt gjennom undervisning (andrespråksdidaktikk). Emnet skal særleg gje innsikt i vaksnes læring av norsk som andrespråk og i opplæring av minoritetsspråklege vaksne, og rettar seg spesielt mot lærarar som underviser vaksne andrespråksinnlærarar. Samtidig har emnet mykje generelt stoff som gjev kompetanse også for undervisning av barn og unge.

Dei læringsteoretiske delane av emnet omfattar mange ulike aspekt, både lingvistiske, kognitive og sosiale sider ved språklæring. I emnet inngår òg arbeid med innlærartekstar i eit læringsteoretisk perspektiv. Eit viktig spørsmål er spørsmålet om språklæring skil seg frå anna læring, og om læringsprosessen følgjer generelle og faste mønster eller varierer frå individ til individ. Sentralt står også dei utfordringane vaksne står overfor i møte med eit nytt språk i ein ny kultur der dei skal etablere nye liv.

Dei didaktiske delane av emnet handlar om grunnleggjande rammevilkår for andrespråksundervisning, der innlæraren sin fleirspråklege situasjon er eit viktig utgangspunkt. Det vert teke opp korleis andrespråksundervisning vert implementert for ulike målgrupper, ulike føremål og ulike skuleslag. Fokuset er hovudsakleg på opplæringssituasjonen i Noreg, med vekt på den organiserte opplæringa for vaksne. Emnet tek òg opp ulike typar målsetjingar for språkundervisninga, ulike modellar for undervisningsorganisering og grunnleggjande undervisningsmetodiske prinsipp.

Kurset er ein del av nettstudiet Prisme, som også inkluderer kurset Norsk språk som andrespråk

Nytt opptak i løpet av hausten 2020, for oppstart vårsemesteret 2021.

Alle utdanninger innen