Fakta
Informasjon er oppdatert av Nord universitet
.


Om studiet
Tverrfagleg vidareutdanning i psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid kvalifiserer til førebyggande, behandlande og rehabiliterande arbeid innan kommunale helse-, sosial- og velferdstenester, psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB), statlege tenester, private organisasjonar og brukarorganisasjonar. Utdanninga kvalifiserer også til yrkesmoglegheiter innan andre sektorar.
Opptaksinformasjon
Bachelorgrad eller tilsvarande grad på minst 180 studiepoeng: Bachelorgrad i sjukepleie, sosialt arbeid, barnevern, vernepleie, fysioterapi eller ergoterapi.
For søkjarar med anna bachelorgrad eller tilsvarande grad på 180 studiepoeng krevst det i tillegg minimum eitt års relevant yrkeserfaring. Relevant yrkeserfaring er arbeid med psykisk helse, rus og/eller avhengigheit. Arbeidserfaringa må vere frå dei siste 10 åra, etter fullført bachelorgrad med eit omfang tilsvarande eitt år i 100 % stilling. Dette må dokumenterast i attest frå arbeidsgivar.
Rangering basert på vekta karaktersnitt av opptaksgrunnlaget. Emne med «Bestått» eller «Godkjent» blir ikkje inkluderte i utrekninga av gjennomsnittskarakter.
Karrieremuligheter
Utveksling
Det vil bli lagt til rette for utveksling i delar av utdanninga.