Fakta
Informasjon er oppdatert av Nord universitet
.


Om studiet
Kunnskap om KRLE-emna og faget i barnehage og skule blir stadig viktigare i det mangfaldige og livssynsope samfunnet. I studiet går vi nøye inn på alle dei grunnleggjande tema i KRLE-faget og diskuterer det i lys av formålet med faget. Dette er kunnskap som driv til djup læring i emna ved at vi ser samanhengar mellom dei. Det er særleg fokus på å arbeide med kjeldene til religionane i tekstar (gresk filosofi, Bibel, kyrkjefedrane, Koranen, Hadith, Talmud o.l.) filosofi og etikk som tema og undersøkjande eller filosofiske samtalar som sentral arbeidsmåte.Dersom ein ønskjer stipend- eller vikarordning, må ein søkje Udir innan 1. mars.Hugs å søkje opptak direkte til Nord universitet innan fristen 15. april.
Programmet er laga for lærarstudentar i grunnskulelærarutdanninga, lærarar i arbeid som ønskjer å oppdatere kunnskapen sin om emna i KRLE, først og fremst retta mot undervisning i grunnskulen (1-7) og 5-10 og i vidaregåande skule (RLE-faget 10-13). Det er delt i fire emne og er heilt nettbasert. Studiet har obligatoriske oppgåver og eksamen.
Dei fire emna er:
KRLE 2A (RLE2004) Tekst, tolking og tradisjon i kristendomen, med vekt på korleis ulike kristne grupper og tradisjonar brukar skriftlege kjelder og korleis desse kjem til uttrykk i samfunnslivet. Eksamensform: Skriftleg mappevurdering.
KRLE 2B (REL2005): Tekst, tolking og kultur i andre religionar, med ei fordjuping i tekstar og tolkingstradisjonar knytte til jødedom, islam, hinduisme og buddhisme og arbeidsmåtar med desse i skulen. Eksamensform: individuell munnleg eksamen.
KRLE 2C (REL2006): Filosofi og etikk som praksis, med ei historisk og praktisk tilnærming til filosofi og etikk. Eksamensform: Casebasert oppgåve med munnleg prøve som kan justere karakteren.
KRLE 2D (REL2007): KRLE-didaktikk, med ei innføring i ulike tilnærmingar og synspunkt på KRLE-faget i skulen og i deira historiske tradisjon. Munnleg gruppeeksamen.
Undervisningsopplegg
Studiet er eit reint nettstudium utan obligatoriske samlingar, men med krav til deltaking i ulike aktivitetar. Det blir lagt opp læringsstigar med obligatoriske tekstoppgåver, diskusjonar, quiz-ar, individuelt og i grupper. Som del av emnet blir det arrangert frivillige samlingar 1 gong i veka på dagtid og rettleiingsmøte 1 gong i månaden på ettermiddagstid. Frivillige møte med faglærarane skjer på ettermiddagstid.
Opptaksinformasjon
Opptak til studieprogrammet krev generell studiekompetanse.
Søkjarar som ikkje har generell studiekompetanse, og er 25 år eller eldre, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse.
KRLE 1 er tilrådd som forkunnskap, men ikkje eit krav.
Læringsutbytte
En kandidat som har fullført utdanningen, forventes å ha oppnådd følgende læringsutbytte definert i kunnskaper, ferdigheter og generell kompetanse:
Kunnskaper:
Kandidaten
- Har brei kunnskap om tru og praksis i ulike religionar, konfesjonar og livssyn, med vekt på kristne og humanistiske tekstar og om religiøs mangfald lokal og globalt, og om arbeidet med dette i skulen.
- Kjenner til korleis estetiske arbeidsmåtar kan vere med å fremje læring.
- Har gode kunnskapar om forsking på barn i høve til religion og livssyn, filosofi og etikk.
Ferdigheter:
Kandidaten
- Kan gjere greie for bruken av autorative tekstar og kjeldebruk i religionar og livssyn, for ulike praksisar og mangfald og aktuelle perspektiv i ulikelokalt valde tradisjonar.
- Kan lage undervisningsopplegg som nyttar estetiske arbeidsformer og digitale verktøy.
- Kan reflektere sjølvstendig over ulike arbeidsformer som vert nytta i skulefaget.
- Kan drøfte lokale læreplanar og utvikle skisser til slike.
Generell kompetanse:
Kandidaten
- Har eit reflektert syn på ulike religiøse og livssynsbaserte tradisjonar og kan nytte kunnskapen på ulike måtar til arbeidet i skulen i alle skulefag.
- Kan drøfte og bruke dei grunnleggande dugleikane i KRLE-emna.
Karrieremuligheter
Aktuelle yrkesvegar etter studiet er grunnskulelærar, lærar i vidaregåande skular, lærar i frivillige organisasjonar og i stillingar knytte til Den norske kyrkja, samt andre trussamfunn og livssynsorganisasjonar.