Fakta

Sted:
Kunsthøgskolen i Oslo
Studietype:
Bachelor, 3 år
Studieform: Undervisning ved lærestedet
Studietempo: Heltid
Studiepoeng:
180

Informasjon oppdatert

19. januar 2023.

Om studiet

Studentane ved det treårige bachelorstudiet i regi skal utdannast til sjølvstendige, skapande kunstnarar på høgt nivå, og gjennom opplæring i ulike metodar utvikle det personlege uttrykket sitt.

Teater er ein kollektiv kunstart, og studenten skal også lære å arbeide med eit ensemble og å samarbeide med andre kunstnarlege og scenetekniske yrkesgrupper. Utdanninga tek utgangspunkt i teoriane og arbeida til den russiske teaterpedagogen, regissøren og skodespelaren Stanislavskij. Studentane skal også bli kjende med andre innfallsvinklar og metodar for regifaget.

Opptakskrav

Opptak skjer på grunnlag av opptaksprøvar og generell studiekompetanse. Søkjarane blir rangerte etter resultata frå opptaksprøvane. Unntak frå krav om generell studiekompetanse gjeld for søkjarar som gjennom opptaksprøven kan dokumentere spesielle faglege kvalifikasjonar.

Opptaka skjer gjennom juryering ved opptaksprøvar. Det blir gjennomført ei heilskapleg vurdering av kvar enkelt søkjar med særleg vekt på kunstnarleg eigenart og kor personleg eigna dei er.

Kandidatane må kunne både norsk og engelsk.

Opptaksinformasjon

Nytt opptak i 2024

Alle utdanninger innen