Fakta
Informasjon oppdatert
19. januar 2023.


Om studiet
Avdeling Design tilbyr eit profesjonsretta, treårig bachelorprogram i grafisk design og illustrasjon. Avdelinga ser på grafisk design og illustrasjon som ein kunstnarleg praksis.
Dei to disiplinane blir sameinte i ein humanistisk tradisjon gjennom eit felles opphav i boktrykkjarkunsten. I forlenginga av dette er alt som blir gjort på studiet, på ein eller annan måte relatert til publisering og massemedium.
Grafisk design og illustrasjon har gjennom det trykte ordet spelt ei sentral rolle i framveksten av ei kritisk offentlegheit. I dagens samfunn tek bilete stadig større plass. Grafisk design og illustrasjon handlar om å forme den visuelle offentlegheita.
Opptakskrav
Opptak skjer på grunnlag av opptaksprøver og generell studiekompetanse. Unntak fra krav om generell studiekompetanse kan gjelde for søkere som gjennom opptaksprøven kan dokumentere spesielle faglige kvalifikasjoner. Ved opptak legges det vekt på søkernes design- og illustrasjonsfaglige anlegg, formforståelse og refleksjonsevne.
Mer informasjon om opptak og opptaksprøver finner du her.
Opptaksinformasjon
Søknadsweb (søknadsportalen) og informasjon om opptaksprøver er tilgjengeleg to månader før søknadsfristen.