Fakta

Sted:
Bergen
Studietype:
Kurs
Studieform: Nett- og samlingsbasert, undervisning ved lærestedet, samlingsbasert

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

.

Om studiet

Er du bioingeniør og ønsker fagleg påfyll, men er usikker på om du vil ta ei masterutdanning? Då kan opne enkeltemne på masternivå vere noko for deg. Denne vidareutdanninga er for deg som ønsker å heve kvaliteten på arbeidet ditt og auke den bioingeniørfaglege kompetansen din.

Kvifor ta vidareutdanning som bioingeniør?

Som bioingeniør opplever du stadig aukande krav til effektivisering og kvalitetssikring samtidig som du skal halde deg oppdatert på ny teknologi. Ei vidareutdanning hjelper deg til å vidareutvikle din bioingeniørfaglege kompetanse.

Kva lærer du?

Du lærer om kvalitetssikring  og ny teknologi i dei medisinske laboratoria. Studiet har ei forskingsbasert tilnærming der du som student vert utfordra til å vere utforskande, reflekterande, kritisk og evaluerande.

Du kan velje mellom fire bioingeniørfaglege emne (totalt 45 studiepoeng) på masternivå. Du vel sjølv kor mange studiepoeng du vil ta og kva emne som er relevante for deg.

Alle emna har nettbasert undervising. Nokre emne har i tillegg ein til to fysiske samlingar i Bergen. Dette gjer at studiet er tilgjengeleg for bioingeniørar frå heile landet og kan kombinerast med jobb i ein hektisk kvardag.

Om du trivast som student og vil ta meir utdanning, kan du seinare søkje opptak til Master i Medisinsk laboratorieteknologi  der alle desse emna er godkjende som del av studieplanen.

Emne vi tilbyr våren 2025

Søknadsfrist 1. desember

Emnet vi tilbyr hausten 2025

Opptakskrav