Nøkkelinformasjon
Nivå
Studiepoeng
Semester
Studietempo
DeltidOm studiet
Ønskjer du å arbeide med barn og ungdom som treng at du ser dei litt ekstra? Dette er vidareutdanninga for deg som har behov for auka kompetanse til å styrke meistring og trivsel hos barn og unge i heim, barnehage, skule, arbeid og fritid.
Dette er eit oppdragsstudium i regi av Helsedirektoratet.
Du lærer om:
- barn og ungdom si psykiske helse
- forhold i lokalsamfunn, barnehage, skule, helse- og sosialtenesta som fremjer god psykisk helse
- ulike psykososiale utfordringarog psykisk helse , og korleis identifisere og kartlegge slike forhold
- samhandling med barn og ungdom og deira foreldre eller føresette
- helsefremmande og sjukdomsførebyggande arbeid
- tverrfagleg samhandling og lokalt prosjektarbeid
Undervisningsmåtar
Studiet er samlingsbasert, og vi legg opp til tre vekesamlingar med obligatorisk oppmøte kvart semester. Vi har forelesingar, rollespel, video, rettleiingsgrupper, sjølvstudium, oppgåveskriving/arbeidskrav og teorigrupper/ kollokviegrupper.
Mellom samlingane vil kommunikasjonen vere gjennom den digitale læringsplattformen Canvas.
Det skal starte ein klasse i Bergen og ein i Stord/Haugesund.
Opptaksinformasjon
15. april 2021
Videre studier
Emnet PSBU104 Psykososialt arbeid med barn, ungdom og deira familiar - ulike praksisar, teoriar og etiske dilemma er godkjent som valfritt emne i master i samhandling og folkehelse.