Fakta

Sted:
Nettstudier
Studietype:
Enkeltemne
Studieform: Nettstøttet, nettstudium
Studiepoeng:
2.5

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

.

Om studiet

«Sunn aldring» handlar om alt det som skal til for at eldre har det så godt som mogleg, i alle fasar av alderdommen. I dette kurset vil du lære dei teoretiske prinsippa for sunn aldring og bruke det til å forstå behova eldre har for helse, velvære og deltaking.

Kvifor studere Teoretiske prinsipp for sunn aldring

Kva for rolle spelar demografi, økonomiske, politiske, sosiale og kulturelle forhold for aldersom og sunn aldring?  I dette kurset lærer du dei teoretise prinspippa for sunn aldring slik at du betre kan forstå behova dei eldre har når det kjem til helse, velvære og deltaking.

Kva lærer du?

Etter å ha gjennomført kurset vil du

  • Ha avansert kunnskap om kompleksiteten mellom ulike perspektiv på aldring.
  • Kunne summere og samanlikne noverande og framtidige behov for å fremme helse, velvære og deltaking for eldre vaksne med ulik grad av veikskap og i ulike samanhengar.
  • Kritisk reflektere rundt faktorar som fremmer/hindrar sunn aldring gjennom eit livsløp.
  • Kunne forstå aldring som eit komplekst, fleirdimensjonalt fenomen.
  • Kunne kritisk anvende og formidle kunnskap om verknaden av aldring på individ, familiar og lokalsamfunn.

Les meir om kva du lærer i emneplanen

Målgruppe

Kursa er retta mot klinikarar, leiarar og administrativt tilsette innan helsevesenet eller i helserelaterte organisasjonar.