Fakta

Sted:
Sogndal
Studietype:
Bachelor, 3 år
Studiepoeng:
180
Opptakskrav: GENS
Poenggrenser 2022:
  • Alle (primær)
  • Alle (ordinær)
Studieplasser: 25
Søknadskode (SO): 203927

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

4. desember 2022.

Om studiet

Vil du lære mer om oppvekstvilkåra til dagens ungdom? I bachelor i sosiologi får du innsikt i tema som omhandlar overgangsfasen frå barn til vaksen, og utfordringane ungdommar møter kulturelt, sosialt og materielt.

Kvifor studere sosiologi?

Sosiologi er utdanninga for deg som er interessert i samfunnet og korleis vi forheld oss til kvarandre. Ein utdanning innan samfunnsvitskap gir deg ei brei forståing av korleis samfunnet heng saman, som gjer at du kan jobbe nesten kvar som helst! I vår utdanning er det også praksis, slik at du får god erfaring frå arbeidlivet mens du studerer. 

I ungsomssosiologi legg vi særleg vekt på utfordringane som møter ungdom i dag. Både det norske og det internasjonale samfunnet blir brukt som ramme for å studere oppvekstvilkår, overgangsfasar, makt og meiningsskaping.

Du kan også ta eit årsstudium i ungdomssosiologi. Viss du trivst kan du fortsette på 2. året på bacheloren.  

Du kan studere ungdomssosiologi ved campus Sogndal

Kva lærer du om?

  • sosiologiske omgrep, teoriar og analysar
  • sosiale relasjonar og meistring av overgangen frå barn til vaksen
  • korleis familien, skulen, vennegjengen, nærmiljøet og internasjonale impulsar kan forklare ulike val og ulik meistring
  • korleis endringar i samfunnet skapar nye bilde av enkeltmenneske, familie og vennskap
  • korleis sosiologien kan brukast i arbeids- og organisasjonsliv
  • forskingsmetode, vitskapsteori og filosofihistorie

Studiets oppbygging

Praksis i sosiologiutdanninga

I 3. året har du praksis på ein relevant arbeidsplass, der du arbeider med aktuelle sosiologifaglege oppgåver. Dette gir deg ei meir yrkesretta utdanning.

Innhald i studiet

Vi har forelesingar, gruppediskusjonar og oppgåveskriving med rettleiing. Undervisninga baserer seg på at du er glad i å lese faglitteratur på eiga hand eller i samarbeid med medstudentar.

I 2. studieår anbefaler vi samfunnsvitskaplege valfrie emne ved HVL. Du kan også ta eit årsstudium ved HVL eller andre utdanningsinstitusjonar innan- eller utanlands.

I 3. studieår skriv du bacheloroppgåve om eit sosiologisk emne du interesserer deg særleg for.

Med fullført årsstudium (og anbefalt studieløp) i ungdomssosiologi, kan du søke opptak direkte til 2. år på bachelorutdanninga. Du søker gjennom vår Søknadsweb.

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 3. og/eller 4. semester.

Opptaksinformasjon

https://www.hvl.no/student/politiattest/Studiet har krav om politiattest.

Karrieremuligheter

Kva kan du jobbe med?

  • Gjennom studiet blir du god til å samanfatte informasjon frå mange kjelder, og å analysere denne sosiologisk. Denne kompetansen er etterspurt, og har stor verdi både i offentleg og privat arbeidsliv.
  • Mange sosiologar jobbar innan undervisning, i fagorganisasjonar, i media og i administrative stillingar der det trengst utgreiingar og saksbehandling.
  • I stillingar med ansvar for planlegging og tilrettelegging av ulike tiltak for ungdom, vil du har gode kvalifikasjonar med denne utdanninga.

Lønn: Kva tener ein sosiolog?

I gjennomsnitt tener rådgivere og forskare innan samfunnsvitskap 707 500 i året. Les meir om lønn på utdanning.no

Utveksling

Alle utdanninger innen