Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
.
Om studiet
Er du samfunnsengasjert og interessert i kvifor samfunnet er som det er? Med årsstudium i samfunnsfag lærer du å forstå samtida betre, samtidig som du får innsikt i samfunnsutviklinga i fortid og notid. Årsstudium samfunnsfag på Stord har en didaktisk profil, og er tett knytt opp mot samfunnsfagundervisninga i lærarutdanninga på campus.
Kvifor studere samfunnsfag?
Årsstudium i samfunnsfag gir deg god innsikt i eldre og nyare historie, samfunnskunnskap (sosiologi, statsvitskap og antropologi) og samfunnsgeografi.
Vi tilbyr fire emne som til saman utgjer eit årsstudium i samfunnsfag, men du kan sjølv velje kor mange av desse emna du vil ta:
- MGUSA101 Samfunnsfag 1, emne 1 - Innføring i samfunnsfag 1 – haust
- Å-SAMF215 Samfunnsfag 1b – haust
- MGUSA301 Samfunnsfag 2, emne 1 - Fordjuping i samfunnsfag 1 – vår
- MGUSA401 Samfunnsfag 2, emne 2 - Fordjuping i samfunnsfag 2 – vår
Kva lærer du?
- Reflektere sjølvstendig og kritisk over samfunnsfaglege spørsmål
- Sjå hovudtrekka i historiske globale prosessar som har konsekvensar fram til i dag
- Forstå sosialisering, identitetsdanning og ulikskap i eit samfunnsfagleg perspektiv
- Innsikt i samspelet mellom menneske, teknologi og natur med vekt på ressursfordeling, historisk utvikling og berekraft
- Ulike vitskaplege teoriar og metodar i samfunnsfaga geografi, historie og samfunnskunnskap
- Å kunne søkje, vurdere og tolke ulike typar data og kjelder for å leggje til rette for gode læringsprosessar
Kva kan du jobbe med?
Eit årsstudium i samfunnsfag passar godt saman med andre utdanningar, som lærarstudiet, andre samfunnsfag, kulturfag, økonomiske fag, idrettsfag eller sosialfag. Å utvide fagkompetansen med samfunnsfag vil vere nyttig for arbeid innan undervisning, offentleg og privat administrasjon eller organisasjonar.
Korleis er undervisninga?
Vi har førelesningar, skriftleg arbeid med rettleiing, munnlege presentasjonar, seminar og gruppearbeid, samt ekskursjonar i nærområda. Vi legg også vekt på øving og praktisk arbeid i forhold til korleis ein kan undervise i samfunnsfag i skulen.
I emna MGUSA101, 301 og 401 finn undervisninga stad saman med lærarstudentar på campus, og dei er derfor særleg aktuell for deg som er – eller planlegg å bli – lærar i grunnskulen eller vidaregåande skule.
Vil du studere meir?
Årsstudium i samfunnsfag kvalifiserer som samfunnsfag i lærarutdanninga, dersom det skulle freista å gå vidare på denne etter årsstudiet. Årsstudium samfunnsfag vil også kunne inngå i ein bachelor i eksempelvis sosiologi eller historie, som mellom anna vert tilbydt ved HVL på campus Sogndal. Årsstudiet passer også godt som vidareutdanning for deg som allereie er lærar.