Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
.


Om studiet
Vil du bli ingeniør men manglar fordjupning i matematikk og fysikk? Då er realfagskurset noko for deg. Kurset er på deltid og lar seg kombinere med jobb.
Kva er realfagskurs?
Realfagskurset er eit studium i matematikk og fysikk som kvalifiserer deg til opptak til ingeniør- og sivilingeniørutdanningar. Kurset gir deg grunnlaget du treng for å møte opptakskrava og for å lukkast i vidare studiar.
HVL tilbyr tre ulike variantar av realfagskurset, slik at du kan velje det som passar best for deg:
- Realfagskurs | Bergen og Haugesund | deltid over eitt år: Et deltidsstudium som kan kombinerast med jobb, men er for deg som framleis ønskjer eit kurs med fast struktur. Les meir om dette kurset lenger nede på sida.
- Realfagskurs | Bergen | heiltid over eit halvt år: Dette er det mest intensive alternativet, med oppstart i januar. Det krev sterk motivasjon og høg arbeidsinnsats gjennom heile studieperioden.
- Realfagskurs | nett- og samlingsbasert | deltid over eitt år: Ein fleksibel modell der undervisninga er nettbasert med nokre fysiske samlingar i løpet av året.
Opptakskrav
Utveksling
Kva er forskjellen på realfagskurs og forkurs?
Realfagskurset er for deg som har generell studiekompetanse, men manglar fordjupning i matematikk og fysikk for å søke opptak til ingeniørutdanning.
Forkurset er for deg som ikkje har generell studiekompetanse, og inneheld derfor fleire fag enn realfagskurset: matematikk, fysikk, norsk, engelsk og teknologi og samfunn.