Fakta

Sted:
Førde
Haugesund
Bergen
Sogndal
Studietype:
Høyere nivå
Studieform: Nettstøttet, samlingsbasert
Studietempo: Deltid
Oppstart: 19. august
Studiepoeng:
60

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

28. mars 2024.

Om studiet

Kvifor studere tverrfagleg vidareutdanning i psykisk helse- og rusarbeid?

Psykiske helseproblem og rusrelaterte lidingar aukar, og personar med psykiske helseproblem og/eller rusmiddelvanskar krev ofte ei heilskapleg tilnærming som involverer fleire helse- og sosialfaglege disiplinar.

Ved å ta denne vidareutdanninga vil du utvikle din kompetanse innan praktisk og klinisk arbeid på individ-, gruppe- og systemnivå. Du vil også tileigne deg samhandlingskompetanse som kan gjere deg til ein viktig bidragsytar, koordinator eller leiar for tverrfaglege team eller tenester.

Studiets oppbygging

Målgruppe

Denne vidareutdanninga er for deg som er sosionom, vernepleiar, barnevernspedagog, sjukepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut eller ha ein annan bachelorgrad innan helse- og sosialfag, psykologiske eller pedagogiske fag.

Karrieremuligheter

Kva lærer du?

Ved å gjennomføre denne vidareutdanninga vil du lære om:

  • Forebyggande, behandlande og rehabiliterande arbeid med psykisk helse-, avhengigheits- og rusmiddelproblem.
  • Tilrettelegging for relasjonar som kan fremme hjelp og støtte til menneske med psykiske helse- og/eller rusmiddelvanskar, deira familiar eller pårørande, nettverk og samarbeidspartnarar.
  • Ulike perspektiv på psykisk helse, rusmiddelbruk og avhengigheit.
  • Etikk, lovverk og organisering knytt til kommunale og spesialiserte tenester.
  • Teori og metode knytt til kommunikasjon, relasjon og samhandling.
  • Forsking og formidling knytt til fagutvikling og prosjektarbeid.
  • Å utvikle prosjekt som kan bidra til kvalitetsforbetring, innovasjon og nyskaping.