Fakta

Sted:
Bergen
Stord
Sogndal
Studietype:
Årsstudium
Studieform: Nettstøttet, samlingsbasert
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
60

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

17. mars 2023.

Om studiet

Kvifor velge PPU?

Behovet for lærarar er stort. Denne utdanninga gjer deg kvalifisert til eit sikkert yrke med god startløn. Som lærar får du ein meningsfylt, variert og sosial arbeidskvardag der du kan bruke mange sider ved deg sjølv. Du får moglegheit til å fodjupe deg i spanande fagområder og ein fleksibel jobb med gode ferieordningar.

Du kan ta PPU for yrkesdag ved campus Stord og campus Bergen.

Studieprogrammet tek utgangspunkt i ei forståing av profesjonskompetanse som inkluderer yrkesdidaktiske, pedagogiske og etiske kunnskapsformer. Det består av 30 studiepoeng pedagogikk og 30 studiepoeng yrkesdidaktikk. Desse er fordelt likt i to emne:

  • Leiing av læreprosessar
  • Skulen i samfunnet

Vi har opptak i alle fagprofilar for PPUY

Studiets oppbygging

Kva lærer du?

Studiet knyter teori og praksis saman til eit heilskapleg og integrert studium og gir deg som framtidig faglærar nødvendig startkompetanse. Gjennom ei forskande tilnærming til lærestoffet, tileignar du deg viktige ferdigheiter, erfaringar og kunnskapar.

Utdanninga følgjer dei læringsutbytta som til ei kvar tid er gjeldande i rammeplan og nasjonale retningslinjer. Nærmare omtale av studiet og progresjon ligg i emneplanane til studiet og i studiehefte frå den enkelte studiestaden.

Spørsmål og svar om PPU for yrkesfag

Praksis i PPU

Praksisopplæringa har eit omfang på 60 heile arbeidsdagar, fordelt på begge studieåra. Du tileignar deg praktisk erfaring med pedagogisk teori og yrkesdidaktiske fenomen som blir tatt opp i dei to teoretiske emna i studiet. Slik legg studiet til rette for at dei pedagogiske, yrkesdidaktiske og praktiske elementa gjensidig kan utfylle kvarandre i kvalifiseringa til læraryrket.

Praksisopplæringa består av alle dei aktivitetane som inngår i arbeidskvardagen til ein yrkesfaglærar, og blir omtalt i emneplanane for praksis. Praksis skal vere rettleia, og du vil få praksisbesøk der både praksisrettleiar og lærar frå Høgskulen på Vestlandet deltar. Dersom du allereie arbeider i skulen, kan inntil halvparten av praksisopplæringa gjennomførast på eigen arbeidsplass.

Her finn du informasjon om praksis og praksisperiodar.

Samlingsdatoar 2023-2024

Opptakskrav

  • Profesjonsretta universitets- eller høgskuleutdanning med eit omfang på minimum 180 studiepoeng eller tilsvarande.
  • To år fulltids yrkespraksis, som kvalifiserer for undervisning i fag som HVL tilbyr yrkesdidaktikk i.

eller

  • Fagbrev/svennebrev eller anna fullført treårig yrkesutdanning på vidaregåande nivå.
  • Generell studiekompetanse.
  • To år yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skulenivå.
  • Fire år fulltids yrkespraksis, som kvalifiserer for undervisning i fag som HVL tilbyr yrkesdidaktikk i.

Ofte stilte spørsmål om opptak til PPU

Karrieremuligheter

Kva kan du jobbe med?

Utdanninga kvalifiserer og sertifiserer for arbeid som lærar på ungdomstrinnet og i fag- og yrkesopplæringa i vidaregåande opplæring (trinn 8-13). Det er også ei relevant utdanning for deg som jobbar med leiing av opplæringsaktivitetar i bedrifter og i vaksenopplæring.