Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
.
Om studiet
Har du ein bachelor og ønsker å ta lærarutdanning for å bli lektor? No kan du ta ein integrert master med PPU inkludert – tilpassa deg som er i jobb.
Kvifor velje ein master med integrert PPU?
I 2019 kom kravet om mastergrad for lærarar. Samstundes er behovet for fleire lærarar stort. Dette studiet gir deg integrert master med PPU inkludert.
Masteren gjer deg kvalifisert til eit sikkert yrke, med god startløn. Som lærar får du ein meiningsfull, variert og sosial arbeidskvardag, der du får brukt mange sider ved deg sjølv. Du får moglegheit til å fordjupe deg i apennande fagområde. Ein fleksibel jobb med gode ferieordningar.
Studiet er samlingsbasert og nettstøtta over 2 år. Dersom du arbeider i skulen, kan ein av praksisperiodane føregå på eigen arbeidsplass.
Korleis er studiet bygd opp?
Du kan sjølv velje om du vil ta utdanninga på heiltid over to år eller på deltid over tre og eit halvt år.
Utdanninga gir deg moglegheit til å ta master og PPU i same løp. Du kan velje å ta PPU-delen av studiet i Sogndal eller på Stord. Samlingar vil foregå enten i Bergen, Sogndal eller på Stord, alt etter kva studieretning du vel.
Målgruppe
Dette studiet er for deg som ønsker å ta PPU integrert i eit masterstudium. Hausten 2025 tek vi opp studentar som har ein bachelorgrad innan:
- Samfunnsfag, religion eller historie
- Matematikk eller naturfag
- Andre- eller framandspråksdidaktikk
- Kroppsøving eller mat og helse
Gjennom Utdanningsdirektoratet kan skuleeigar søke om utdannings- og rekrutteringsstipend. Les meir om ordninga til Utdanningsdirektoratet.
Karrieremuligheter
Kva kan du jobbe med?
Med ein integrert master i praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) får du lektorkompetanse og kan du søke på nye jobbar som lærar - eller du kan kome tilbake til jobben din som lærar, med auka fagleg kompetanse.
Masterstudiet kvalifiserer også til ein forskande praksis, og til å initiere og gjennomføre utviklingsarbeid i skulen eller på arbeidsplassen.