Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
.
Om studiet
Gjennom vidareutdanninga i palliasjon får du kompetanse som er nyttig når du skal arbeide med alvorleg sjuke og døyande, både i sjukeheim, i dei heimebaserte tenestene og i spesialisthelsetenesta.
Kvifor studere palliasjon?
Utdanninga gir deg kunnskap til å bidra i heile det palliative forløpet i samarbeid med og med respekt for pasienten og pårørande. Dette er kompetanse som det er stort behov for, både i dei kommunale helse- og omsorgstenestene, og i spesialisthelsetenesta.
Kva lærer du?
Etter å ha gjennomført studiet vil du ha kunnskap om:
- Sentrale verdiar, føringar og faglege retningsliner innan palliasjon.
- Systematisk kartlegging av symptom og behov for hjelp av både fysisk, psykisk, sosial og eksistensiell karakter.
- Planlegging, gjennomføring og evaluering av symptomlindrande tiltak.
- Kommunikasjon med og ivaretaking av pasientar og pårørande.
- Tverrfaglig samarbeid med andre aktuelle profesjonsgrupper i den palliative omsorgen.
- Optimalisering av livskvaliteten til pasientar og deira familiar i møte med livstruande sjukdom.
Målgruppe
Studiet er for deg som er sjukepleiar og som jobbar i dei kommunale helse- og omsorgstenestene og i spesialisthelsetenesta.
Emnet kan inngå som eit valemne på Master i avansert klinisk allmennsykepleie.