Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
23. mai 2023.


Om studiet
Kvifor studere organisasjon og leiing?
Du får spisskompetanse i organisasjon og leiing spesialisert til helse- og velferdssektoren eller utdanningssektoren. Du vel retning ut frå din utdanningsbakgrunn. Gjennom studiet tileignar du deg både generelle og sektorspesifikke kunnskapar som gjer deg kvalifisert til leiarstillingar innan offentleg forvaltning.
Hausten 2023 er det oppstart på campus Haugesund og campus Førde.
I studiet lærer du:
- å forstå skiftande og komplekse utfordringar slik dei framstår i gjennomorganiserte samfunn
- korleis internasjonale og nasjonale, politiske føringar påverkar helse- og velferdsinstitusjonar
- korleis endringar i offentleg sektor blir sett i verk gjennom reformer, og korleis dette skapar særskilde kontekstar for utøving av leiing
- å bruke vitskaplege metodar på bruksretta problemstillingar innan sektoren
I masteroppgåva di tar du utgangspunkt i ei problemstilling knytt til eit arbeidsområde du har erfaring med. Du får individuell rettleiing i arbeidet med oppgåva.
Studiets oppbygging
Korleis er undervisninga?
Vi har forelesingar, casedrøftingar, øvingar, prosjektseminar og skriftlege oppgåver.
Studiet er samlingsbasert, med rundt fem samlingar á to dagar i kvart semester. Samlingane dei to første åra blir hovudsakleg lagt til fredag ettermiddag og laurdag. Dei to neste åra er samlingane lagt til vekedagar.
Vidare studium etter fullført utdanning
Ein fullført master kvalifiserer deg for opptak til ei forskarutdanning, til dømes til ph.d.-studiet i Ansvarleg innovasjon og regional utvikling ved HVL.
Opptakskrav
- Avslutta grunnutdanning (minimum 3 år) innanfor eitt av dei profesjonsområda som studiet dekkjer (til dømes sosialt arbeid, barnevern, sjukepleie, fysioterapi, vernepleie, lærarutdanning, førskule- og barnehagelærarutdanning)
- Andre relevante fagkombinasjonar på bachelor-/cand. mag.-nivå innan fagfeltet helse/velferd eller utdanning kan vurderast.
- Alle søkjarar må ha minst to års relevant praksis etter avslutta grunnutdanning.
Slik søker du
I Søknadsweb vel du "Master
høst 2023". Søknadskoder:
- Helse- og velferd, Førde: 3026
- Helse- og velferd, Haugesund: 3027
- Utdanning, Førde: 3620
- Utdanning, Haugesund: 3621
Karrieremuligheter
Kva kan du jobbe med?
- Leiarstillingar innan helse- og velferdssektoren eller utdanningssektoren
- Administrative stillingar som krev kunnskap om handtering av saker knytt til institusjonar innan feltet, og/eller offentleg kontroll-, tilsyns- og forvaltningsansvar for slike institusjonar
- Sjølvstendige stillingar av typen prosjektleiing, utgreiing, planlegging, utviklingsarbeid og liknande innan helse- og velferdssektoren eller utdanningssektoren