Fakta

Sted:
Bergen
Studietype:
Lavere nivå
Studieform: Nett- og samlingsbasert, undervisning ved lærestedet, samlingsbasert
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
30

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

.

Om studiet

Dei vaksne minoritetsspråklege som kjem til Noreg er ei samansett gruppe. Ein del har hatt lite skulegang og har knappe lese- og skriveerfaringar frå heimlandet, mens mange har langvarig skulegang og utstrakte lese- og skriveerfaringar frå før.

Kven passar utdanninga for?

Studiet rettar seg mot lærarar som underviser minoritetsspråklege deltakarar i norskopplæringa i Noreg. Dette studiet tar sikte på styrke lærarane sin faglege, fagdidaktiske og pedagogiske kompetanse overfor denne målgruppa.

Kva lærer du?

Studiet skal gi lærarar ei auka innsikt i vaksenpedagogiske problemstillingar, ein auka kompetanse i å utvikle elevane sine norskferdigheiter, ei styrka evne til å legge til rette for god lese- og skriveutvikling og ferdigheiter i å støtte tileigninga av kunnskap på andrespråket.

Vidareutdanninga består av to emne som byggjer på kvarandre, og du må ta haustemnet før du kan ta emnet som går om våren. 

Studiet er særleg aktuelt etter at det i 2021 vart innført ny integreringslov med nye kompetansekrav til lærarar.

Studiets oppbygging

Praktisk informasjon 

Karrieremuligheter

Vikar- og stipendordning

Lærarar som underviser i norsk etter introduksjonsloven kan søke om frikjøpsordning frå HK-dir for å ta denne videreutdanninga Stipend- og vikarordning for lærarar som tek vidareutdanning i norsk som andrespråk – haust 2025/vår 2026 | HK-dir

Merk at det er to søknadsfristar:

  1. Frist for å sende over søknad til skuleeigar er 28. februar 2025, for lærarar som jobbar i kommunen. Dette skal gjerast på e-post til skuleeigar. Sjå nedanfor for informasjon om korleis private tilbydarar skal søke.
  2. Frist for å laste opp søknader i tilskotsportalen er 15. mars 2025 klokka 15:00. Dette skal gjerast av skuleeigar.

 Du søker sjølv om opptak til studiet ved høgskulen uavhengig av søknaden om frikjøp. 

Alle utdanninger innen