Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
.
Om studiet
Denne vidareutdanninga er eit reint nettstudium, og rettar seg mot deg som underviser i norsk på 1. - 7. trinn.
Kvifor studere Norsk 1?
I studiet vil du få verdifull oppdatert kunnskap, som du kan ta med deg inn i norskundervisninga på skulen.
Kva lærer du?
- Den første og andre lese- og skriveopplæringa
- Talemål og skriftspråk
- Barne- og ungdomslitteratur
- Elevtekstar
Studiet inneheld to modular, les mer om innhold i emnene i emneplanene: NOB801N Begynnaropplæringa er tema i første semester og NOB802N mellomsteget tema i andre semester.
Den praktiske erfaringa til studentane vert trekt inn i emnet, og det er eit mål at studiet skal tilføre skulen du underviser på oppdatert fagleg og didaktisk kompetanse.
Målgruppe
Studiet rettar seg mot lærarar som underviser i norsk på 1.- 7. trinn.
Opptakskrav
Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning). Du må være tilsett i ei lærarstilling.
Kravet om bestått lærarutdanning kan fråvike dersom du berre manglar faget du søker på, for å få fullført lærarutdanninga di.
Om du søker dispensasjon frå opptakskravet, må det foreligge stadfesting frå tidlegare studiestad om at studiet du søker opptak til kan inngå i og føre til avslutta lærarutdanning.